NRK Meny
Normal

Aksjonerar mot plantesmugling

Mattilsynet vil kontrollere om dei reisande med danskebåten har ulovlege planter i bagasjen.

Plantebeslag gjort av Mattilsynet

FORBOD: Det er ulovleg å ta med seg uteplanter inn i landet. Denne planta vart beslaglagt av Mattilsynet.

Foto: Mattilsynet

– I utgangspunktet kan du ikkje ta med deg nokon planter eller frø inn i landet, seier seniorinspektør i Mattilsynet Bente Synøve Laland.

Saman med Tollvesenet skal dei ha kontroll for å hindre at det kjem inn smitte på plantene, som me ikkje ynskjer å ha i landet.

Dette kan du ta med deg

Seniorinspektør i Mattilsynet Bente Synøve Laland

BLINDPASSASJER: Bente Synøve Laland vil berre ha godkjente planter inn i landet.

Foto: Olav Åsen Haugsgjerd / NRK

– Me har merka at det er høg aktivitet på denne tida av året når det gjeld ulovleg innførsel av planter, seier Laland.

Men det finst nokre unntak. Ein kan til dømes ta med seg fem inneplanter, nokre løkar, og elles litt frø. I tillegg kan ein få med seg større planter, men då må ein ha eit plantesunnhetssertifikat.

Dette sertifikatet er det myndigheitene i landet ein handlar planten som må skrive ut.

Direktør for plantehelse i Bioforsk, Arne Hermansen er nøgd med Mattilsynets kontroll.

– Det er veldig bra at dei gjer dette, for det er jo ein risiko for at me får inn skadegjerarar som me ikkje har frå før av, seier Hermansen.

Fryktar bakteriar

Plantene som blir beslaglagt vil bli destruert, og så er det opp til Tollvesenet å ta saka vidare frå der, seier Laland.

– Det blir ikkje meldt, og det blir ikkje skrive ut bøter om folk blir tatt, seier kontorsjef ved grensekontrollen Helge Breilid.

Han seier tollvesenet ikkje registrerer kor mange beslag som blir gjort, og at dei ikkje har noko statistikk på dette området.

Planter som i utgangspunktet ser friske ut, kan framleis ha med seg såkalla blindpassasjerar. Det vil sei smittsame bakteriar, eller virus som til dømes kan spreie seg til potetvekstar og andre matplanter, seier Laland.