Hopp til innhold

Agder kan få ny nasjonalpark

Det vert no jobba med å gjere om ein del av Setesdal Vesthei Ryfylkeheiene landskapsvernområde til nasjonalpark.

Tarald Myrum nasjonalpark

Ordfører i Valle Tarald Myrum håper å få etablert en nasjonalpark i Setesdal.

Foto: Svein Sundsdal / NRK

– Dette er eit område som inneheld mange interessante attraksjonar, natur og mange opplevingsverdiar. Vi har sett at dette ikkje har noko særleg trekkraft i forhold til turisme, seier Tarald Myrum, som er leiar i styret for verneområdet.

Han peikar på at status som nasjonalpark kan gjere det enklare å trekkje turistar til området.

– Ein nasjonalpark er det som trekkjer internasjonalt. Sjå på Jotunheimen, Rondane og Hardangervidda. Dei har heilt andre attraksjonsverdiar, seier Myrum.

Pengar å hente

Øystein Djupedal

Fylkesmann Øystein Djupedal er positiv til nasjonalpark i Setesdal.

Foto: Sundsdal, Svein / Svein Sundsdal/NRK
bossbu

Setesdal Vesthei Ryfylkeheiene landskapsvernområde kan bli nasjonalpark.

Myrum er ordførar i Valle og har bede kommuneadministrasjonen utgreie moglegheitene for ein nasjonalpark.

Myrum får støtte av fylkesordførar i Aust-Agder, Bjørgulv Sverdrup Lund.

– Det er heilt riktig om ein ynskjer å utnytte verdien desse områda kan ha for setesdalskommunane, seier Sverdrup Lund til NRK.

– Det har vist seg, at dersom du driv nasjonalpark, så får du midlar til drift og auka verdiskaping. Eit verneområde har ikkje same klang, seier fylkesordføraren.

– Veldig gledeleg

Eit notat er førebels lagt fram til drøfting i styret i verneområdet. Styret er sett saman med representantar frå alle kommunane i verneområdet.

Fylkesmann i Aust-Agder Øystein Djupedal likar tanken om ein ny nasjonalpark.

– Eg tykkjer det er veldig gledeleg. Ein nasjonalpark er ei heilt anna form for marknadsføring, som allereie ligg i landskapsvernområdet, seier Djupedal til NRK.

Kan bli den andre nasjonalparken

Det er allereie klart at Raet på kysten av Aust-Agder og Jomfruland i Kragerø blir nasjonalpark.

I mai i år vart dei første skissene til eit besøkssenter for Raet nasjonalpark presentert.

– Dette viser at vi har viktige naturverdiar vi vil vise fram til folk. At også Setesdal kan få ein nasjonalpark gler meg veldig, seier Djupedal.

Arbeidet er i gang for å gjøre om en del av Setesdal Vesthei og Ryfylkeheiene landskapsvernområdet til en nasjonalpark.

Sjå intervju med Tarald Myrum og fylkesordførar i Aust-Agder, Bjørgulv S. Lund.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
NRK Forklarer: Baneheia-saken 01:05
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,31 kr
Dyrest kl. 08 1,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 5,6 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,4 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %