Hopp til innhold

ØIF-trenaren: – Deilig at tapet kom

ØIF ARENDAL - DRAMMEN 23-24 (12-11): Dei har nærast sett uovervinnelege ut i haust, men mot Drammen gjekk ØIF Arendal på sitt første tap sidan serieopninga mot Bodø 10. september.

ØIF Arendal-trenar Marinko Kurtovic etter tapet mot Drammen på heimebane.

Sjå intervju med ØIF-trenar Marinko Kurtovic.

– Det var deilig at tapet kom. Dei må forstå at dei ikkje berre kan møte opp på bana og tru at alt skal komme av seg sjølv. Vi må vere meir fokusert på å setje ballen i mål på trening, seier Kurtovic.

– Det er sjeldan du høyrer ein trenar seie at det var deilig med tap.

– Ja, det kan du seie, men vi må erkjenne at vi møtte eit betre lag som ville mykje meir. Det kom i dag og eg har eigentleg venta på at det skulle komme. Men eg likar dårleg at det kom på heimebane, seier trenaren.

– Langt under pari

Arendalittane hadde vunne sju strake seriekampar før møtet med Drammen i Sør Amfi.

– I dag er det x-antal spelarar som er langt under pari. Skal vi vinne må alle opp på eit nivå. I dag var det mange som ikkje var der, seier trenar Marinko Kurtovic til NRK.

Kurtovic stod på sidelinja og såg eit lag som sleit offensivt.

– Vi brenn, brenn og brenn sjansar. Denne dagen ville ha komme uansett, men det var synd den kom i dag, seier trenaren.

ØIF Arendal-spelar Sondre Paulsen var skuffa etter tapet mot Drammen.

Sjå intervju med ØIF-spelar Sondre Paulsen.

Bom, bom og atter bom

Laga følgde kvarandre tett i første omgang, og ØIF Arendal gjekk til slutt til pause med 12-11-leiing.

I andre omgang gjekk arendalittane offensivt til verks og fekk raskt ei firemålsleiing. Men Drammen nekta å gi seg og slo tilbake. Samstundes sleit ØIF Arendal med å finne vegen til nettmaskene.

– Det er utruleg skuffande og ikkje godt nok i det heile. Men vi får som fortent. Det er først og fremst dårleg utteljing på skota våre. Vi brenn alt for mange skot. Vi treff stengene, keeperen og vi skyt over, seier kantspelar Sondre Paulsen.

Ti minutt før full tid var det Drammen som var tilbake i leiinga. Dette klarte dei å halde ut kampen og vann til slutt 24-23.

Samstundes slo Lillestrøm Elverum på heimebane. Det betyr at ØIF Arendal framleis toppar tabellen à poeng saman med Elverum og Bodø.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 15 1,62 kr
Dyrest kl. 08 2,15 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %