Hopp til innhold

«Trafikkulykker forandra liva våre»

Den eine miste dottera i trafikkulykke, den andre hamna i rullestol. Berre flaks gjorde at den tredje overlevde trafikkulykke. No krev dei at politikarane rustar opp farlege vegar.

Den eine miste dottera i trafikkulykke, den andre hamna i rullestol. Berre flaks gjorde at den tredje overlevde trafikkulykke. No krev dei at politikarane rustar opp farlege vegar.

VIDEO: Sjå korleis trafikkulykker har prega liva til Gunnar Hunsbedt (f.v.), Jan Egil Omdal og Asbjørn Olaussen.

– Det har kosta meg livet mitt. No lever eg ikkje lenger. Eg berre eksisterer. Det har ikkje noko verdi i livet når du berre blir sittjande på denne måten, seier Asbjørn Olaussen til NRK.

Det er 15 år sidan den tidlegare yrkessjåføren var involvert i ei trafikkulykke på europavegen. Ulykka skjedde på gamle E18 ved Rannekleiv i Arendal.

– Ho skulle ha vore 30 år i år

Ulykka var uforskyldt då den andre sjåføren truleg fekk eit illebefinnande. Han fekk problem med hjartet, halve kroppen vart knust og livet vart snudd på hovudet.

– Det hadde aldri skjedd om det hadde vore midtdelarar der. Eg har trass alt vore i tre ulykker der det har vore store skader. Eg hadde ikkje vore borti nokon av dei om det hadde vore midtdelarar, seier han.

9. april 1999 fekk Jan Egil Omdal sjokkmeldinga då han var på jobb. Dottera Jannicke omkom i ei trafikkulykke på E39 ved Flekkefjord. Tre ungdommar miste livet i ulykka.

– Her måtte seks menneske omkomme før politikarane såg seg råd til å leggje nokre få millionar ned i å berge liv som er umistelige, seier Omdal til NRK.

– Eg skulle ikkje ha mista dottera mi. Ho skulle ha vore 30 år i dag og eg hadde hatt mi skjønne, deilige jente i dag, seier han.

Omdal er opprørt over at utbetring av trafikkfarlege vegar tek årevis.

– Flaks at eg overlevde

– Den betringa vi har sett på desse områda er klattevis, stykkevis og delt. Ein startar opp, utbetrarar ein sving og helst bør det ha skjedd ei dødsulykke før det skjer noko, seier han.

For 14 år sidan var Gunnar Hunsbedt involvert i ei trafikkulykke. Gunnar var hardt skada, men overlevde. Kameraten omkom.

– Denne svingen er veldig spesiell for meg. Den forandre heile livet mitt, seier han.

– Det var berre flaks at eg overlevde. At eg sit her no må eg berre vere overlukkeleg for.

14 år har gått og europavegen er framleis ikkje sikker. No krev han at vegane på Agder vert rusta opp før fleire liv vert øydelagde.

– Dei må berre setje seg ned å bestemme og bli ferdige med det. Elles kjem vi til å ha denne vegen iallefall ut mi levetid, seier Hunsbedt.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 04 1,61 kr
Dyrest kl. 07 3,12 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %