Hopp til innhold

Bru kollapsa etter ekstremvêret

Ekstremvêret «Synne» har vaska godt over Sør-Norge. Den verste nedbøren er no truleg over, melder Meteorologisk institutt.

Bro knakk etter "Synne"

Denne brua i Flekkefjord knakk etter ekstremvêret «Synne».

Foto: Agnar Klungland

Meteorologane sende søndag morgon ut eit avsluttande varsel for ekstremnedbøren.

Ekstremvêret har ført til skader natt til søndag.

Bru knakk i Flekkefjord

Brua knakk store nedbørsmengde natt til søndag.

Foto: Agnar Klungland

Ei bru på fylkesveg 466 mellom Gyland og Klungland i Flekkefjord har knekt saman som følge av uvêret.

Uframkommeleg

Ifølgje Agnar Klungland som bur like i nærleiken har det midtre fundamentet på den 50 år gamle brua gitt etter for vassmassane.

Ifølgje Klungland er det no uframkommeleg mellom Gyland nord for Klungland og nedover mot Feda og Flekkefjord på grunn av brua som har knekt.

Dette er hovudfartsåra mellom Sirdal og Flekkefjord.

I Kvinesdal er gamle Feda bru stengt fordi den er skada.

Vind og kraftige byger

Dei store nedbørsmengdene er no truleg over. Framleis vil det vere kraftige byger i området, heiter det i det nye varselet for nordvestlege delar av Aust-Agder, vestlege område i Vest-Agder og indre delar av Rogaland.

Fleire av utanlandsferjene er kansellert søndag morgon på grunn av uvêret. Ferjene mellom Sandefjord og Strømstad, Kristiansand og Hirtshals og Larvik og Hirtshals er kansellert.

Lågtrykket bevegar seg søndag sakte austover, men framleis med mykje vind og kraftige byger inn mot Vestlandet, Trøndelag og deler av Nordland.

Opp mot 20 stengde vegar i Danmark

Uvêret vil ikkje sleppe taket nord i Danmark.

Natt til søndag vart 15-20 vegar på det nordvestlege Jylland stengt på grunn vatn som gjekk over vegane.

– No har det stoppa å regne, men det har vore voldsomt. Det er sjeldan at så mange vegar blir stengde på grunn av regn, sa vaktsjef Lars Even i Midt- og Vestjyllandspolitiet til Ritzau i 01.15-tida natt til søndag.

Bru knakk i Flekkefjord

Denne brua fekk trøbbel og knakk i uvêret.

Foto: Agnar Klungland

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
NRK Forklarer: Baneheia-saken 01:05
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,05 kr
Dyrest kl. 21 1,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,2 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %