– Dette er ei god norsk bygdehistorie, som absolutt er verd å sjå. Men for all del, ikkje forvent å sjå boka opplese.
Det seier filmkritikar i NRK og programleiar for filmmagasinet Mørkets opplevelser, Einar Guldvog Staalesen.
Onsdag kveld var det duka for festpremiere på filmen «Pyromanen» i Kristiansand. Filmen er basert på Gaute Heivolls roman «Før jeg brenner ned» frå 2010.
Filmen tek for seg historia om brannane som ramma den vesle bygda Finsland på slutten av 70-talet.
Filmen har fått følgjande terningkast frå andre medium:
- VG: 5
- Fædrelandsvennen: 5
- Filmmagasinet: 4
– Heilt fantastisk
Filmkritikar Staalesen er begeistra for skodespelarprestasjonane i filmen, og trekk særleg fram hovudrolleinnehavaren.
– Trond Nilsen i hovudrolla som pyromanen er heilt fantastisk. Eg trur ikkje det heile er hans eigen forteneste, eg trur det er regissør Erik Skjoldbjærgs utruleg intense regi og instruksjon som har skapt desse figurane langt på veg.
Boka fekk god kritikk då ho kom ut i 2010, og Staalesen tykkjer filmen lever opp til forventningane.
– Det er ein usedvanleg god film av ei usedvanleg god bok. Men desse to tinga er heilt ulike. Filmen tek eit heilt anna perspektiv i denne historia, den går heim til pyromanen og hans foreldre, og ser alle hendingane der ifrå. Romanen oppheldt seg meir ute i bygdesamfunnet, og beskreiv utryggheita, alle dei psykologiske prosessane og alle tankane.
Sjå intervju med forfattar Gaute Heivoll frå festpremieren:
Nøgde publikumarar
Ei som kom i finstasen ut frå kinosalen etter visninga var Vilde Torsøe. Ho var sjølv statist i filmen.
– Den var veldig bra, du ser liksom ei sann historie frå heimbygda. Finsland blei framstilt på ein veldig fin måte.
Wenche Lunde var så nøgd at ho tek turen til kinosalen igjen om kort tid.
– Den var veldig fin. Eg skal sjå han igjen på fredag!
Sjå fleire meiningar frå publikum i videoen øvst i saka.
Les også: