NRK Meny
Normal

«Hulken» innrømmer dopingbruk – no vil han hjelpe andre

Arild «Hulk» Haugen innrømmer at han brukte doping for å nå verdstoppen. No vil han hjelpe ungdom ut av doping.

Arild Haugen

Arild Haugen i konkurransen «World's strongest man» i 2008.

Foto: Jason Means, Creative Commons / Flickr

– Eg sit med mykje kunnskap og kontakt inn i mange miljø. Eg har kanskje ei lita stjerne i boka endå, som eg kan bruke til noko positivt, seier Haugen til NRK.

Det er i eit intervju med TV2 at mannen frå Sirdal, som no bur i Sandnes, innrømmer at han brukte doping i strongman-karrieren.

Han fortalde første gong om dopingbruket i eit intervju med Gatemagasinet Asfalt i Stavanger i fjor haust.

– Etter kvart som eg vart betre og betre og kom på eit høgare nivå innsåg eg at det ikkje var realistisk eller mogleg å bli verdas sterkaste mann utan doping, seier han til TV-kanalen.

Lei av kroppsfokus

Haugen vart kåra til Norges sterkaste mann i 2007 og 2008.

Arild Haugen viser muskler

Slik såg Haugen ut då han trente for fullt.

No held den tidlegare strongman-utøvaren foredrag om doping. Eit tema han er tydeleg engasjert i.

– Doping har blitt eit omfattande samfunnsproblem. Først dei siste åra har politiet jobba aktivt mot dette. Men dei angrip problemet og utfordringane heilt feil. Det har enda med ei heksejakt.

– Helse og politi samarbeider for dårleg. Dei etablerte brukarane får kutta armar og bein. Dei vert liggande og blø. Dei får ikkje hjelp slik som til dømes narkomane. Ein som har gått på steroid i 10–20 år, og som vert avslørt får ei bot. Så er det lykke til. Det manglar eit støtteapparat, seier han.

«Hulk» meiner kroppsfokuset i dagens samfunn er ei av årsakene til at mange brukar doping.

– Det er eit jævlig kroppsfokus. Både på Instagram, Facebook, Paradise Hotell og reklamar. Det er kropp, kropp, kropp. Kor vart det av dei andre verdiane? Det spelar inga rolle lenger om du har utdanning, familie eller jobb. No er det berre kropp som er statussymbol. Det er sjå sjukt, seier han.

– Manglar kunnskap og forståing

Sørlendingen meiner også at idrettskjendisar og modellar bør tenke seg om to gonger før dei legg ut bilete av seg sjølv med lite klede.

– Det er nok ikkje alle som er bevisst på dette. Lettkledde bilete blir oppfatta som ein sinnssjukt bra kropp som mange vil nå. Problemet er at mange ikkje har kunnskap eller forståing for korleis utøvaren har fått kroppen, seier han.

– Det nyttar ikkje å seie til ein gut som ynskjer å løfte 100 kilo i benkpress at han ikkje skal bruke doping. Ein må seie at vi skal hjelpe med kosthald og trening, men då må du love å ikkje bruke doping. Det er mange som kan hjelpe. Alt frå lærarar, politi og treningssentera.

Han er også kritisk til at mange treningssenter kan dopingteste medlemmer ved mistanke.

– Testar du positivt kan du berre gå til neste senter. Problemet er ikkje løyst. Vedkommande har ikkje fått hjelp.