Hopp til innhold

"Hulken" debuterer i natt

Arild "Hulken" Haugen proffdebuterer i bokseringen i natt.

Arild Haugen

DEBUTERER: Arild 'Hulken' Haugen debuterer i bokseringen i Spania i dag.

– Forventningane er sjølvsagt store. Vi håpar og trur at han vinn. Han er i kjempeform, seier trenar og oppmann, Tor Krageboen til NRK Sørlandet.

Haugen har tidlegare vore strongman, men har no trent aktivt for å bli boksar. I dag møter han latviske Pavels Doglovs.

LES OGSÅ: Hulken proffdebuterer

– Han ser ut som ein oppegåande og kraftig kar. Arild skal passe seg litt for han. Doglvos har fem proffkampar som har gitt to sigrar, to uavgjort og eit tap, fortel Krageboen.

Løfta reporter

Kampen føregår i Spania. Der har han vore dei siste tre vekene, og han har fått mykje merksemd.

– Ein skulle tru det var ein VM-kamp. Eg har aldri sett så mykje styr, men det er mykje på grunn av korleis han ser ut. Han er jo ein showman. I går var han med på eit intervju med hovudkanalen her nede. Der løfta han opp to damer, ei på kvar hand over hovudet. Folk var jo i ekstase, seier trenaren.

Arild Haugen

GODT TRENT: 'Hulken' skal vere i god form føre debuten i dag.

Foto: Zbigniew Czaplicki / NRK

– Etterpå løfta han den kvinnelege tv-reportaren med ei hand over hovudet, medan ho tok mikrofonen ned og intervja han. Noko slikt har dei ikkje sett i Spania før, seier Krageboen.

– Å løfte folk er kanskje vanleg for Arild Haugen?

– Han løftar på kva som helst. Ein annan dag var det ein kar som skulle skifte dekk på bilen sin, men han mangla ein jekk. Då løfta Arild bilen og holdt den lenge og vel, medan dei skifta dekk. Han er ein helt. Dei kallar han El Gigante i avisene her nede. Han er nok meir kjend i Spania enn i Noreg, trur eg.

– Har ikkje sett maken

Sjølv trur trenaren at Arild Haugen kan nå langt. Å bli verdsmeister er ikkje umogleg, meiner han.

– Dersom han held fram med iveren han har vist til no, for den har eg ikkje sett maken til, så skal vi ikkje sjå vekk frå det. På 4-5 år kan det skje mykje rart, seier Krageboen.

Nattas kamp startar mellom klokka rundt klokka 24 i natt. Kampen kan du sjå direkte her.

null
Spiller nå
NRK Forklarer: Baneheia-saken 01:05
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 23 1,52 kr
Dyrest kl. 07 2,82 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %