Hopp til innhold

«Blaude» konsonantar i ferd med å døy ut

Birgitte Kleivset var så uroa for at dei blaute konsonantane ville forsvinne at ho like godt sette i gang eit prosjekt. Målet er å få folk til å halde fram med å seie kage i staden for kake og vig i staden for vik.

Birgitte Kleivset

Birgitte Kleivset kjempar for å behalde dei blaute konsonantane på Sørlandet.

Foto: NRK

– Eg ser jo at dei held på å forsvinne, så eg tenkte: oi, her må vi vere litt meir bevisste, seier Kleivset til NRK.

Ho tok seg sjølv i å droppe å bruke blaute konsonantar.

– Det er fort gjort å gjere det. Ein reiser litt rundt og det viser seg at dei blaute konsonantane er det som forsvinn først, seier Kleivset som har samla 1000 ord og uttrykk i ei bok, saman med språkforskar Ingrid Kristine Hasund.

Kom på 1100-talet

Søndag kveld er det premiere på «Dialektriket» på NRK1. I første episode er det sørlandsdialektane som vert sett fokus på.

Dei blaute konsonantane slo innover Norge på 1100-talet. Men på 1300-talet opphøyrte språkregelen om blaute konsonantar. Det gjer at mange brukar blaute konsonantar feil, ifølgje Kleivset. Dei heiter til dømes ikkje tomad for tomat, eller poted for potet.

– Det er ikkje alltid lett å vite kvar ein skal bruke blaute konsonantar. Av mange blir dei brukt i hytt og pine, seier ho.

Ei av «kampsakene» til Kleivset no er å setje fokus på stadnamn på Sørlandet. Til dømes Fevik i Grimstad eller Møvik i Kristiansand.

– I 700 år har det heitt Møvig. Når du sit på bussen og dei les opp stoppestadene brukar dei harde konsonantar. Her har vi ein jobb å gjere. Vi må brette opp ermane, seier ho.

– Kvifor er det så viktig å bevare dei blaute konsonantane?

Kronprinsesse Mette-Marit

Birgitte Kleivset meiner at kronprinsesse Mette-Marit er flink til å bruke blaute konsonantar.

Foto: Hommedal, Marit / Scanpix

– Vi har snakka slik i 700 år. For meg handlar det om sjela vår, kultur og identitet, seier ho.

Kronprinsessa er flink

Kleivset dreg fram Kronprinsesse Mette-Marit når ho skal nemne personar ho meiner er flinke til å bruke blaute konsonantar.

– Eg tykkjer ho er veldig flink. Ho har det ikkje så lett i utgangspunktet. Då tenkjer eg på at ho bur i Oslo og har barn som pratar austlandsdialekt. Eg følgjer nøye med ho, men tykkjer ho er flink, seier ho.

– Trur du kronprinsessa er bevisst på det?

– Eg veit ikkje. Det hadde vore interessant å vite. Kanskje, sidan ho er så flink. Det hadde vore gøy å vite. Ho får lære opp den nye dronninga, Ingrid Alexandra, det hadde vore tøft, ler Kleivset.

På spørsmål om ho trur dei blaute konsonantane framleis eksisterer om 30–40 år, svarar ho:

– Eg er optimist. Men vi har ein jobb å gjere, seier ho.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,6 kr
Dyrest kl. 18 1,95 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %