NRK Meny
Normal

«Abu» drøymer om Start-kontrakt

Den hurtige vingen Ibrahim Abubakar jobbar knallhardt på trening for å overtyde Start-leiinga om at dei bør satse på han.

Ibrahim Abubakar

Ibrahim Abubakar jobba hardt på fredagens trening på La Manga.

Foto: Sander Heggheim/NRK

– Eg vil bli Start-spelar og vil prøve å gjere mitt beste uansett kvar eg spelar. Eg vil at laget og fansen skal vere stolte av meg, seier Abubakar til NRK.

Ibrahim Abubakar, Start

Ibrahim Abubakar håpar på Start-kontrakt.

Foto: Sander Heggheim/NRK
Even Øgrey Brandsdal, Start

Even Øgrey Brandsdal likte dårleg at Rubin Kazan avlyste fredagens planlagde treningskamp.

Foto: Sander Heggheim/NRK

Nigerianaren er med Start på treningsleir på La Manga i Spania.

– Ekstremt uprofesjonelt

Fredag hadde han håpa å vise seg fram i ein treningskamp mot russiske Rubin Kazan. Men russarane trekte seg frå kampen torsdag kveld.

– Det er ekstremt uprofesjonelt. Så får vi sjå korleis vi løyser det. Vi er på treningsleir, så vi skal jo trene, men vi hadde veldig lyst til å spele ein kamp i dag, seier administrerande direktør Even Øgrey Brandsdal om russarane si avlysing.

Dermed blei det trening i staden for kamp.

– At kampen vart avlyst har ingenting å seie for «Abu». Vi ser han på trening og han får sjansen mot Levanger måndag, seier Start-trenar Steinar Pedersen.

Gode referansar

22-åringen har uansett gjort godt inntrykk på Start-trenaren.

– Han har vore god og har gode referansar. Det vi har sett av han før er også bra. Held han fram med å prestere og bli betre og betre, ser det bra ut, seier Pedersen.

Men om nigerianaren får kontrakt er framleis ikkje avgjort.

Ibrahim Abubakar, Start