– Vinteren har kome for å bli

Minusgradene har inntatt Sørlandet for fullt, og saman med minusgradene kjem den etterlengta snøen. Dette har ikkje gått upåakta hen hos skiglade sørlendingar.

Sandrip snøkanon

Ifølgje statsmeteorolog Terje Alsvik Walløe har vinteren kome for å bli på Sørlandet. Likevel står snøkanonar klare for å bidra, som her på Sandrip i Kristiansand.

Foto: Thomas Sommerset / NRK

– Fleire tusen sjekkar føremeldingane i desse tider.

Det fortel dagleg leiar i Midt-Agder friluftsråd, Per Svein Holte.

Men sjølv om det fleire stader er nærast drivkvitt når ein ser ut vindauget, fortel Holte at ein må passe på når ein er ute i løypa.

– Det er veldig fint å gå no, men ein må vere obs på at det nokre stader ikkje er fullt så mykje snø.

Per Svein Holte

Dagleg leiar i Midt-Agder friluftsråd, Per Svein Holte, seier fleire tusen sørlendingar sjekkar føremeldingane no når snøen har meldt sin ankomst.

Foto: Thomas Sommerset / NRK

Viss du har lyst å spenne på deg skia i dag, må du ifølgje Holte inn i landet for å få dei beste skiforholda. Best er det på Høgås i Evje og på Øynaheia i Birkenes. Men snøen har lagt seg heilt ned til kyststripa fleire stader.

Om du ikkje kjem deg ut i løypa før mørket har lagt seg, fortel Holte at dei fleste lysløyper lyser opp skituren fram til klokka 22.

Vinteren har kome for å bli

Statsmeteorolog Terje Alsvik Walløe seier det er særleg kystområda som får snø i dag. Men det vil kome mykje snø på Agder resten av veka.

Walløe fortel at vinteren har kome for å bli.

– Det held seg på minussida så langt vi kan sjå, også inn i neste veke. Utanom at det kan bli litt mildare ytterst på kysten til helga, så vil minusgradene og ein kald værtype dominere også inn i neste veke.

Skispor også nær kysten:

Snøen som har kommet de siste dagene langs kysten kan flere steder brukes til noe moro. Skiløyper prepares nå slik at man også kan ta skiturer i lavlandet.