Hopp til innhold

– Vi vart sjokkerte då vi oppdaga det

Fylkeshuset i Vest-Agder trengde ein kvit vegg dei kunne vise film og presentasjonar på. No er eit stort kunstverk måla over med kvit måling.

Nå skal det handle om tapt kunst. For et kunstverk av Iben Sandemose er malt over med hvit maling. Grunnen var at fylkeshuset i Kristiansand trengte en vegg der det kunne vises film, og power point-presentasjoner.

Sjå reportasje.

– Vi oppdaga det i førre veke. Det var litt spesielt å sjå at den eine veggen var måla over, seier Irene Ikdal som er rådgjevar for visuell kunst i Vest-Agder fylkeskommune.

Irene Ikdal

Irene Ikdal er rådgjevar for visuell kunst i Vest-Agder fylkeskommune.

Foto: Anne Wirsching/NRK
Iben Sandemose

Kunstnar Iben Sandemose.

Foto: Cappelen Damm/Privat

Det var Iben Sandemose som hadde laga verket som bestod av fem bilete i eit møterom. No er det berre fire att.

– Dette kom som eit sjokk på alle som jobbar her, seier Ikdal.

– Dette er hærverk

Møterommet heiter «Hagen», medan utsmykkinga heiter «Jungelen». Kunstverket vart kjøpt til høgskolen i Agder i 1992.

Heller ikkje kunstnaren sjølv var informert om at verket skulle målast over.

– Vi kan berre seie at dette er hærverk. Det er liten respekt for den offentlege kunsten, seier Ikdal.

Kunstnar Iben Sandemose fekk beskjed om at kunstverket var fjerna torsdag.

– Dette tykkjer eg ikkje noko om. Eg har tenkt på det etterpå. I desse miljøtider, så har ein altså slakta ein heil jungel i Kristiansand. Det tykkjer eg er trist, men den kan gro til igjen med mi hjelp, seier ho.

Kunstverk på fylkeshuset i Kristiansand

Slik ser ein av dei andre veggane ut.

Foto: Anne Wirsching/NRK

Vil lage nytt kunstverk

– Eg skulle ønske eg kunne laga det opp igjen. Det hadde vore veldig fint, seier Sandemose.

Sandemose reagerer på at ho ikkje vart informert om at veggen skulle målast.

– Det handlar jo rett og slett om å snakke med folk. Å vere skikkelege. Det er irriterande, seier ho.

Tom Bratlie

Tom Bratlie i Entra beklagar at dei fjerna kunstverket utan å informere kunstnaren.

Foto: Anne Wirsching/NRK

Det er eigedomsselskapet Entra som eig og driftar fylkeshuset i Kristiansand, og som måla over kunsten for å lage eit betre møterom.

– Det var behov for å få på plass ei ny løysing for ein dataprosjektør. Då valde vi å måle over den eine kortveggen i rommet som er ein del av moderniseringa av rommet, seier kommunikasjonsdirektør Tom Bratlie.

– Vi burde hatt dialog

Det var Kunst i offentlege rom (KORO) som kjøpte kunsten i 1992.

Dei seier til NRK at kunstnaren skal varslast i god tid dersom eit kunstverk må fjernast.

Ei av årsakene er at ein skal få høve til å dokumentere verket før det forsvinn for alltid.

– Eg beklagar litt at vi ikkje har hatt kontakt med kunstnaren på førehand. Vi kan ikkje love at utfallet hadde blitt noko anna, men det er klart at vi burde ha hatt ein dialog. Det kan vi ta sjølvkritikk på, seier Bratlie.

Kunstverk på fylkeshuset i Vest-Agder

Den eine veggen er heilt kvit. Til høgre ser du deler av kunstverket som framleis er der.

Foto: Anne Wirsching/NRK

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 15 1,62 kr
Dyrest kl. 08 2,15 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %