Hopp til innhold

– Vi skal gi ØIF Arendal kamp

2. divisjonsklubben Greipstad har trua på at dei kan tukte eliteserieklubben ØIF Arendal i cupen. No håpar dei på avansement og folkefest i Nodelandshallen.

Greipstad

Greipstad møter ØIF Arendal i cupens 2. runde onsdag kveld.

Foto: Privat

– Vi skal kline til frå start det vi kan. Cup er cup, er det ikkje? Vi skal slåst for sigeren, seier trenar i Greipstad, Jan Erik Tønnesland til NRK.

Tønnesland er klar på at ØIF Arendal er eit betre lag, og normalt skal vinne. Men samstundes har han tru på at eige mannskap kan stikke kjeppar i hjula for arendalittane.

Trur på fulle tribunar

– Det er viktig at vi spelar som eit lag og held oss samla. Det er viktig at vi står tøft i forsvar og gjer jobben i returløpet. Alle lag som kjem til Nodelandshallen får det tøft, seier han.

Klubben ventar fulle tribunar i oppgjeret mot ØIF Arendal. Det betyr over 700 tilskodarar og god stemning.

– Eg trur det blir stinn brakke. Vi stur inn det vi får plass til og eg håpar det vert ein kjempehyggeleg handballkveld i Nodelandshallen, seier Tønnesland.

ØIF Arendal-trenar Leif Gautestad er klar på at han ikkje kjem til å ta lett på oppgjeret mot 2. divisjonsklubben.

– Walk over vert det ikkje. Greipstad-gutane har heilt sikkert ambisjonar om å kaste litt grus i maskineriet vårt. Vi skal ta dei på alvor, men det blir ein skuffelse dersom dei slår oss, seier han.

– Det blir fantastisk

Gautestad har både onkel og tante på tribunen i Nodelandshallen, som han kjenner godt.

– Det blir fantastisk. Greipstad-publikummet er kjende for å vere supporterar. Eg gler meg stort til å komme der og spele i ein hall eg spelte i sjølv som gutunge, seier trenaren.

Samstundes er han klar på at det er viktig for klubben å vise seg fram, også andre stader på Sørlandet.

– Det er ei ypparleg moglegheit til å vise fram handballen og laget vårt. Eg håpar at Greipstad-publikummet får ei god oppleving og får lyst til å komme til Sør Amfi og sjå toppkampar i tida framover, seier Gautestad.

Vinnaren av oppgjeret møter Drøbak/Frogn eller Stabæk i 3. runde.

ØIF Arendal-trenar Leif Gautestad ser fram til cupoppgjeret mot Greipstad onsdag.

VIDEO: ØIF-trenar Leif Gautestad ser fram til å møte Greipstad.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,6 kr
Dyrest kl. 18 1,95 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %