Hopp til innhold

– Vi møter eit desperat Kongsvinger

Start-forsvararen Jesper Mathisen ventar tøffe tak når start besøkjer Kongsvinger og Gjemselund.

Jesper Mathisen

KIL - START: Jesper Mathisen (Start) trur på eit tøft oppgjer mot Kongsvinger på Gjemselund.

Foto: Schrøder, Tor Erik / SCANPIX

Følg kampen DIREKTE her

– Vi møter eit desperat lag som har trøbbel på fleire område. Det kan føre til at dei får ut det lille ekstra på bana, så her må vi vere verkeleg skjerpa, seier Mathisen til ikstart.no.

På nedrykksplass

Før kveldens kamp ligg Kongsvinger seks poeng bak sikker plass då det står att 12 poeng å spele om i årets sesong.

– Det blir tøft. Kongsvinger er solid, spring mykje og er gode heime på kunstgraset, medan vi er godt budde etter å ha trengt på Sukkevann i to veker, seier Mathisen.

KIL-angriparen Kai Risholt, som har ei fortid i Start, meiner kampen er heilt avgjerande for Kongsvinger.

– Vinn eller forsvinn

– Det er vinn eller forsvinn for vår del. Vinn vi har vi ein god sjanse til å halde oss. Tapar vi blir det 1. divisjon til neste år, seier Risholt til NRK.no.

Sjølv har han stor tru på suksess.

– Start har kun teke eitt poeng borte på kunstgras i år, så dette bør vi klare, seier arendalitten.

► Fakta: Kongsvinger - Start

  • Har møtt kvarandre 16 gonger i serien uansett divisjon sidan 1983: 6 - 4 - 6
  • Møttest seinast i 1. divisjon i 2008. Det enda 2-2
  • Start utan tap på dei fire siste seriekampane (samt ein cupkamp) på Gjemselund
  • Siste KIL-siger heime mot Start var 2-0 i 1995.
  • Start slo KIL 3-0 heime 16. mai. Børufsen (2) og Årst scora
  • KIL styrer mot nedrykk, tapt dei tre siste: 0-2, 1-2 og seinast 0-2 mot Molde
  • KIL med ein siger på dei 13 siste (1-4-8) - 1-0 heime mot tabelljumbo Sandefjord
  • KIL mållause i tre av dei fem siste
  • Start har ein siger på dei seks siste. 4-2 heime mot Strømsgodset 19. september
  • Start med 0-2-2 på dei fire siste borte, seinar 0-0 på Hønefoss
  • Start sin siste bortesiger var 2-1 i Molde 25. juli
  • Årst er toppscorar i Start med ti mål, men har kun komme på scoringslista i ein av sine åtte siste kampar - tre mål i siste siger mot Godset
  • Espen Børufsen (Start) sonar fem gule kort
  • Spelarar i faresona med gule kort: Frejd (4), Krogh Gerson (2), Risholt (2), Holmen (2), Berg Hansen (2), Vikstøl (6), Freeman (6), Borgersen (4), Oladapo (4), Mathisen (2), Hoff (2)

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Feiret Eid med bønn og kake i Kristiansand 01:53
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 23 1,52 kr
Dyrest kl. 07 2,82 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,7 kr 25 min.
  • Dusje 6,5 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %