Hopp til innhold

– Vi må tole vuvuzelaene

Mange irriterer seg grøn over vuvuzelaene som ljomar på Sør-Afrikankse stadionanlegg under VM. Men programleiar for musikkprogrammet Jungeltelegrafen, Sigbjørn Nedland, meiner vi må tole dette.

Nederlandsk supporter blåser i et vuvuzela-horn

- DETTE MÅ VI TOLE: Programleiar i Jungeltelegraden, meiner vi må tole å høyre vuvuzelaene under fotball-VM i Sør-Afrika.

Foto: GIANLUIGI GUERCIA / Afp

Han har jobba med afrikansk musikk og kultur i ei årrekkje.

– Eg tykkjer vi må tole vuvuzelaene under fotballkampar. Det er jo karneval og morro også. Det er ikkje berre seriøs fotball, seier Sigbjørn Nedland som har programmet Jungeltelegrafen.

– Er det eigentleg eit instrument?

– Ja, det er eit instrument. Eg trur det er sjølve urblåseinstrumentet. Eg trur ein byrja å blåse i eit horn der ein fekk èin lyd. Etterkvart fekk ein hol og kunne lage det på andre måtar, legg han til.

NRK-leser: «Blir surrete i hodet»
HØYR REPORTASJEN: – Dette må vi tole

Tinninstrument

I tillegg har han jobba mykje med Afrika og har produsert plater med afrikansk musikk.

– Til slutt enda ein opp med trompetar og saksofonar og alt mogleg. Det er dokumentert i Afrika at ein brukte denne typen instrument (vuvuzela) stemt i ulike tonar og med mange som spelte saman. Det er verkeleg samspelinstrument, seier han.

LES OGSÅ: Carragher blåser i vuvuzelaene
LES OGSÅ: Vuvuzelaen blir ikke fjernet

Under VM kjenner vi vuvuzela først og fremst som eit plastinstrument. Men tidlegare vart det laga i tinn.

For farleg å ta med på stadion

– Det vart for farleg å ha det med på fotballkamp, for ein kunne bruke det som våpen, seier han.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Lyden av vuvuzela er blitt lyden av VM. Det irriterer mange seg over. Så mykje at det ei stund såg ut til at instrumentet kunne bli forbode under VM.

LES OGSÅ: Cape Town er utsolgt for ørepropper
SJÅ OGSÅ: Restultatservice fotball-VM

– Ein del instrument har ein eit hat-elsk forhold til. Så har du slike vitsar om ulike instrument. Til dømes trekkespelvitsen. Kva er den nye definisjonen på ein gentleman? Jo, det er ein person som kan spele trekkspel, men som ikkje gjer det. Slik er det nok mange som tenkjer om vuvuzelaen også, seier han.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,6 kr
Dyrest kl. 18 1,95 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %