Hopp til innhold

– Vi må ta poeng mot Sogndal

Start-stoppar Jesper Mathisen er klar på at sørlendingane ikkje har råd til tap på Fosshaugane.

Jesper Mathisen

POENGNAUD: Jesper Mathisen er klar på at Start ikkje har råd til å tape kampen mot Sogndal på søndag. (Arkivfoto)

Foto: Hommedal, Marit / Scanpix

Mons Ivar Mjelde styrte sine tropper

UTAN SIGER: Mons Ivar Mjelde har framleis til gode å vinne ein seriekamp med Start. (Arkivfoto)

Foto: Hommedal, Marit / SCANPIX

– Vi må iallefall ha poeng. Vi er på botnen og treng minst fire poeng i dei to siste kampane. Får vi ikkje det blir det frykteleg vanskeleg, seier Mathisen til NRK.no.

Start har ikkje vunne ein kamp i eliteserien sidan 16. juni då dei slo Fredrikstad heime på Sør Arena. Før det gjekk laget av bana sju gonger utan å vinne. På dei 15 siste seriekampane står laget altså med ein fattig siger og to uavgjort.

– Ganske kritisk

– Samstundes veit vi at dersom vi finn tilbake til formen kan vi slå alle lag i eliteserien. Men akkurat der vi er no må vi byrje å ta poeng med ein einaste gang. Det er ganske kritisk slik det er no, seier Start-spelaren.

I vårsesongen spelte laga uavgjort 1-1 på Sør Arena. Start var overlegne gjennom store delar av kampen. Ei heldig scoring åtte minutt før full tid gjorde at Sogndal tok med seg eitt poeng frå Sørlandet.

– Sogndal er godt organisert, jobbar godt defensivt og har nokre kjappisar framme. Spesielt Ole Jørgen Halvorsen er ein god spelar. Vi veit at dei jobbar hardt og ein kamp i Sogndal er aldri lett, seier Mathisen.

Ole Jørgen Halvorsen er frampå med tåa

ANGREPSVÅPEN: Jesper Mathisen peikar på Ole Jørgen Halvorsen som ein av dei største trugslane i Sogndal-angrepet. (Arkivfoto)

Foto: Rune Fossum / NRK

Første Mjelde-siger

Førre helg fekk Mons Ivar Mjelde sin første siger som Start-trenar. 1. divisjonslaget Alta vart slått i kvartfinalen i cupen. Start imponerte nok ingen mot Alta. Likevel meiner Mathisen at sigeren kan bli særs viktig inn i botnstriden i eliteserien.

– Sjølv om dei er ei 1. divisjonslag fekk vi ei god oppleving med siger. Vi kunne vel eigentleg ikkje hugse sist vi vann. Den trengde vi verkeleg. Den har vi brukt for alt den er verd den siste veka, seier Mathisen.

Som nemnt har Mons Ivar Mjelde framleis til gode å vinne ein kamp i eliteserien med Start. Mathisen meiner det kun er eit tidsspørsmål før Mjelde kan notere sine første tre poeng.

Går til Sogndal

Bjørnar Eidstø

UT PÅ TUR..: Bjørnar Eidstø går frå Kristiansand til Sogndal for å inspirere Start-spelarane. (Arkivfoto)

Foto: Håvard Raustøl / NRK

– Ting har fungert bra på trening etter at Mons kom. Ting har eigentleg sett betre og betre ut. Det er litt kjedeleg at vi ikkje har fått ting ut i kampane vi har spelt. Eg trur berre det er eit tidsspørsmål før vi får vist i kamp det vi viser på trening. Vi må luke vekk dei dårlege periodane i kampane, så blir det bra, seier han.

Også Start-fansen mobiliserer i kampen om å unngå nedrykk. Bjørnar Eidstø går over 500 kilomter frå Kristiansand til Sogndal, for å inspirere Start-spelarane. Det har han klart, ifølgje Mathisen.

– Det er kjekt med slike initiativ. Etter dei siste rapportane skal det vel halde hardt at han kjem fram til Sogndal. Men vi får heller spandere ein busstur på han og han får få seg ein middag med oss når han kjem opp, seier Mathisen.

– All ære til han for forsøket iallefall. Det er flott gjort, men eg skal vel ikkje seie at eg skal gjere det same nokon gang, seier Mathisen.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,6 kr
Dyrest kl. 18 1,95 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %