Sjå bileta av Per Fronth sin tur til Amazonas i albumet over.
Søndag går årets TV-aksjon av stabelen. Pengane som blir samla inn frå det norske folk skal gå til Regnskogfondet sitt arbeid.
Sørlands-kunstnar Per Fronth har vore engasjert i saka i fleire år, og skal auksjonere bort eit av bileta han har teke av eit område i Peru som er blitt sett opp for å beskytte ukontakta indianarar.
– Dette er ein form for dugnad. Alle veit at vi står overfor ei enorm katastrofe av menneskeleg art i Europa, men dette er også ei viktig sak.
- Les også:
– Ein forstår kor liten ein er
Engasjementet til Fronth starta etter at han i 1992 fekk besøke regnskogen saman med Regnskogfondet.
– Det møtet med regnskogen fyrte opp ein flamme i meg. Det som skjer med eit menneske som kjem inn i regnskogen, er at ein forstår kor utruleg liten ein er, og kor viktig den er å behalde. Spesielt når ein ser dei enorme øydeleggingane.
- Les også:
– Jordas lunger blir svekka
Gjennom dei åra Fronth har engasjert seg i saka, har han sett at utviklinga berre har blitt meir og meir dyster.
– Utviklinga har vore av det triste slaget, fordi profitten av multinasjonale selskap er rådande og styrer veldig mykje av utviklinga. Viss ein går på makronivå så ser ein at bonde for bonde brenn jord litt her og der, og når ein set det saman så får ein fram eit bilete på enorme øydeleggingar som gjer at jordas lunger blir svekka.
- Les også: