Hopp til innhold

– Vi kunne ha teke fleire poeng

Jerv-kaptein Glenn Andersen meiner at laget kunne ha teke fleire poeng i serieopninga, trass i tøffe motstandarar som Sandnes Ulf, Brann og Sogndal.

Jerv - Brann

Jerv spelte uavgjort 2-2 mot Brann måndag kveld.

Foto: Schrøder, Tor Erik / NTB scanpix

– Det blir ikkje mykje poeng av heiderlege resultat. Det er tre lag som rykte ned frå eliteserien i fjor og vi har teke poeng i samtlege kampar. Vi føler vi kunne ha teke meir poeng i alle desse kampane, seier Andersen til NRK.

Måndag kveld sjokkerte Jerv eit Brann-lag, som allereie er i poengnaud. Grimstad-klubben pressa bergensarane tilbake på bana og gjekk til pause i leiinga 2-0.

Se intervju med Jerv-kaptein Glenn Andersen etter kampen mot Brann.

VIDEO: Sjå intervju med Jerv-kaptein Glenn Andersen.

Brann slo tilbake

– Eg er god nøgd med mykje. Første omgang var god og vi leiar fullt fortent til pause. Brann hadde vel knapt eit skot mot mål. I andre omgang var Brann meir aggressive og flytta opp Karadas. Dei slo lange ballar og kom inn i kampen, seier trenar Steinar Pedersen.

Brann reduserte på straffespark åtte minutt ut i andre omgang. Ti minutt seinare utlikna Jakob Orlov for gjestene.

Dermed vart det igjen eitt poeng på Jerv mot eit lag som er venta å kjempe om opprykk.

– Vi har ein bra gjeng med gode fotballspelarar. Det overraskar meg ikkje at vi har fått bra resultat mot gode lag. Men vi ynskjer å vinne fotballkampar. Eitt poeng er ikkje nok, seier trenaren.

Se intervju med Jerv-trener Steinar Pedersen etter kampen mot Brann.

VIDEO: Sjå intervju med Jerv-trenar Steinar Pedersen etter kampen mot Brann.

Jaktar nye poeng

– Vi kunne kanskje ha teke tre poeng mot Brann, men slik er det. Vi er bra nøgd med mykje av det vi gjer, seier Pedersen.

No ventar Hødd i Ullsteinvik førstkommande torsdag.

Allereie til helga er det klart for ny kamp på Levermyr. Då kjem Strømmen på besøk.

– Det var ein fantastisk ramme rundt kampen mot Brann med mykje folk. Eg håpar mange av dei kjem tilbake søndag. Det er tett kampprogram no, så det er berre å køyre på, seier Pedersen.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 15 1,62 kr
Dyrest kl. 08 2,15 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %