Hopp til innhold

ØIF-sjef før skjebnekamp: – Vi kjenner på alvoret

Dersom ØIF Arendal tapar mot Nøtterøy søndag kveld vil klubben falle ned på kvalifiseringsplass. Sportsleg leiar Per Carsten Michelsen vedgår at klubben bør vinne.

David Svenningsen, ØIF Arendal

David Svenningsen og ØIF Arendal møter Nøtterøy søndag kveld.

Foto: Sander Heggheim/NRK

– Eg har inntrykk av at stemninga er positiv. Vi har ein gjeng med spelarar som nektar å grave seg ned i problem, men det er klart vi kjenner på alvoret, seier Michelsen til NRK.

I førre serierunde slo ØIF Bodø heime i Sør Amfi. Fantastisk målvaktspel av Svenn Erik Medhus og eit godt forsvar gjorde bodøværingane i praksis var sjanselause.

– Vil ikke bruke ordet krise

Søndag kveld møter ØIF Arendal Nøtterøy på bortebane. Vestfoldingane ligg på kvalifiseringsplass og vil passere ØIF på tabellen med siger.

– Skulle det bli tap vert det ei ny utfordring. Eg vil ikkje bruke ordet krise for prestasjonane heile sesongen har ikkje stått til forventningane. Krisa er like stor før kampen, som etter. Men vi er budde på scenarioet der i kanskje må ut i kvalifisering, seier han.

Svenn Erik Medhus, ØIF Arendal

Svenn Erik Medhus stod ein kjempekamp i ØIF-buret mot Bodø sist serierunde.

Foto: Sander Heggheim/NRK

Før sesongen annonserte klubben at målet var medalje. Resultata har uteblitt og laget kjempar i staden for å overleve i eliteserien.

Michelsen er overbevist om at laget er gode nok for å klare seg i eliteserien og trur på siger mot Nøtterøy.

– Eg trur på ein jamn batalje. Eg trur det kan bikke begge vegar. Kjem vi opp på same nivå som mot Bodø kjem vi til å vinne, seier han.

Ny trenar på sidelinja

Hovudtrenar Asle Gran, som overtok trenaransvaret mellombels etter at Leif Gautestad fekk sparken, blir ikkje med til Nøtterøy.

Årsaka er at han hadde bestilt ferietur før han tok over hovudansvaret. Dermed blir det tidlegare ØIF-spelar Kjetil Øygarden som skal leie laget. Øygarden er trenar for Grane sitt kvinnelag, og har vore på treningane til ØIF denne veka.

– Han er ein erfaren trenar og følgjer laget tett. Eg trur ikkje spelarane vil merke stor skilnad. Det kjem til å gå fint, seier Michelsen.

Eirik Køpp, Tobias Gjertsen og Eirik Heia Pedersen er usikre før møtet med Nøtterøy på grunn av skader og sjukdom.

– Eirik har vore sjuk heile veka, men trente laurdag. Med litt medvind og flaks kan alle bli klar, men det kan også bli til at alle må melde forfall, seier han.

Nedrykksstriden i eliteserien

Plassering/Lag

Kampar

Siger

Uavgjort

Tap

Mål +/-

Poeng

9. ØIF Arendal

17

6

0

11

434-472

12

10. Nøtterøy

17

4

3

10

420-450

11

11. Falk Horten

17

3

2

12

411-474

8

12. Follo HK

17

3

1

13

436-479

7

Tabellforklaring: Dei to siste laga rykkjer ned til 1. divisjon. 10.-plassen må ut i kvalifisering mot 3.-plassen i 1. divisjon.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 04 1,61 kr
Dyrest kl. 07 3,12 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %