Hopp til innhold

– Vi kjem ikkje til å legge oss bakpå

FK Jerv har ingen planar om å forsvare seg til opprykk trass i at dei leiar 1-0 mot Stabæk etter første kamp.

Andreas Hagen, FK Jerv

Andreas Hagen har vore ein av Jervs viktigaste spelarar denne sesongen. Måndag kan han vere eliteseriespelar.

Foto: Sander Heggheim/NRK

Laster innhold, vennligst vent..

– Vi skal gå ut å vere oss sjølve. Vi har spelt 15 bortekampar tidlegare i år. Vi har ikkje turt å ikkje vere oss sjølv nokon gong, seier Jerv-trenar Arne Sandstø.

Jerv har skaffa seg eit godt utgangspunkt før returmøtet på Nadderud stadion. Michael Ogungbaro si scoring på Levermyr onsdag skiller laga før dei siste 90 minutta.

Arne Sandstø

Arne Sandstø på sidelinja som Jerv-trenar.

Foto: Schrøder, Tor Erik / NTB scanpix

– Etter ein del bortekampar denne sesongen har trenaren til motstandaren sagt at det er det desidert beste laget dei har møtt i år. Det er god ros i seg sjølv, og viser at gutta torer å vere seg sjølv, seier Sandstø.

– Ekstra spesielt

Jerv har ein god bortestatistikk å vise til denne sesongen. Laget har berre tapt fem bortekampar. Stabæk har tilsvarande dårleg heimestatistikk.

Bærumsklubben har kun vunne fem heimekampar i år. Berre Start var dårlegare i eliteserien.

Andreas Hagen har spelt i den danske toppserien med Viborg. Han vedgår at spel i Norges øvste divisjon med Jerv vil bli spesielt.

– Eg har vore så mange år i Jerv og kjenner klubben inn og ut. Jerv har blitt klubben i mitt hjarte etterkvart. Så det gjer det ekstra spesielt, seier Hagen.

Også Hagen trur nøkkelen til suksess mot Stabæk er «enkel».

– Det blir vel å angripe som i ein vanleg kamp. Vi kjem ikkje til å legge oss bakpå. Eg trur vi skal ut å tore å spele. Det er vår måte å vere på uansett scenario, seier Hagen.

På sidelinja har Jerv ein særs rutinert trenar. Arne Sandstø trente Odd i ei årrekke og vann mellom anna cupfinalen med skiensklubben.

I tillegg har han opprykk med Start på CV-en. Han har også leia Løv-Ham i kvalifisering tidlegare.

Jervs spillere feirer seieren etter kvalik-kampen til Eliteserien mellom Jerv-Stabæk 1-0 på Levermyr stadion i Grimstad.

Jerv tok første stikk då dei vann 1-0 mot Stabæk i den første av to kampar.

Foto: Schrøder, Tor Erik / NTB scanpix

Hevdar han ikkje er nervøs

– Eg har komme i ein fase der ikkje er nervøs i det heile. Det er jo alltid litt spenning når kampen startar, men akkurat no kan vi ikkje gjere anna enn å trene godt, seier Sandstø.

Hagen er sikker på at Jerv kan lage trøbbel for Stabæk også på bortebane.

– Vi må opp på toppnivået vårt om vi skal klare det. Vi møter eit godt lag. Vi har nivået inne for å ta dei, seier han.

– Får vi spelet til å flyte, så trur eg dei skal få problem med oss. Samstundes må vi demme opp for styrkene deira. Dei har nokre gode individualistar. Det blir jo tøft, seier midtbanespelaren.

Det er skikkelig fotballfeber i Grimstad før søndagens avgjørende kvalifiseringskamp mot Stabæk.

Jerv-supportarane har tru på opprykk.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,6 kr
Dyrest kl. 18 1,95 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,4 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %