Hopp til innhold

– Vi kan nå finale i sluttspelet

Sportsleg leiar i ØIF Arendal Per Carsten Michelsen har tru på at klubben kan vinne sluttspelet.

Andre Jørgensen Hofstøl, ØIF Arendal

Andre Jørgensen Hofstøl fyrer av i sigeren mot Bækkelaget onsdag kveld. No trur sportsleg leiar i klubben Per Carsten Michelsen på suksess i sluttspelet.

Foto: Sander Heggheim/NRK

– Det var i sluttspelet det løsna for oss i fjor. Då gjekk vi til finale og det kan vi gjere igjen, seier Michelsen til NRK.

Arendalittane sikra plass i sluttspelet etter at dei slo Bækkelaget i siste serierunde onsdag kveld.

Per Carsten Michelsen, ØIF Arendal

Sportsleg leiar Per Carsten Michelsen har tru på suksess i sluttspelet for arendalittane.

Foto: Sander Heggheim/NRK

Det er klart at sørlendingane skal møte Elverum, Bækkelaget og Bodø i kvartfinalane.

– Stor optimisme

Mot alle odds kjempa laget seg til finalen i sluttspelet i fjor der seriemeister Elverum vart for sterke.

– Vi er litt tynt besett på grunn av skader og må spele mykje på dei same spelarane. Det kan redusere våre moglegeheiter, seier han.

– Men andre lag har dei same problema med skader og slikt, så vi går inn i sluttspelet med stor optimisme, seier Michelsen.

Det har vore ein turbulent sesong for dei raude og svarte i Arendal. I desember fekk trenar Leif Gautestad sparken etter dårlege resultat. Då Asle Gran tok over trenarjobben var målet å berge plassen i eliteserien.

– Vi har hatt fokus på å overleve dei siste vekene og kampane. Så, som eg seier er sluttspelet ein kjempebonus, seier Michelsen.

Vi gjekk til finale i fjor, og det kan vi klare igjen

Sportsleg leiar Per Carsten Michelsen

Også kantspelar Sondre Paulsen har tru på at arendalittane kan bite godt ifrå seg i sluttspelet.

– Vi kan senke skuldrene, kose oss og berre spele handball, seier han.

– Viktigast å sikre plassen

Før sesongen sette klubben seg mål om å vinne ein tittel. No kan tittelen komme i sluttspelet.

– Det er kanskje ikkje realistisk at vi skal stå heilt inn med ti kampar med ein såpass tynn stall som vi har. Men vi skal gå på bana i kvar kamp for å vinne. Vi kan byggje lag og enkeltspelarar. Det viktigaste var å sikre plassen i eliteserien, og det har vi gjort, seier han.

Trenar Asle Gran skulle i utgangspunktet leie laget ut eliteseriesesongen. No blir trenarvikariatet forlenga fram til sluttspelet er over.

– Eg veit ikkje kva mål vi skal ha i sluttspelet. No skal eg feire dette, så får vi sjå etterkvart, seier han.

ØIF Arendal er klar for sluttspelet i handball for herrar. Laget slo bronsevinnar Bækkelaget i siste serierunde.

VIDEO: Sjå intervju med ØIF-trenar Asle Gran etter sigeren mot Bækkelaget onsdag kveld.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Feiret Eid med bønn og kake i Kristiansand 01:53
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 23 1,52 kr
Dyrest kl. 07 2,82 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,7 kr 25 min.
  • Dusje 6,5 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %