Hopp til innhold

– Vi har fått ein vinnarmentalitet

Søndag vert det avgjort om ØIF Arendal tek heim seriegullet for andre år på rad. – Det blir nok avgjort siste minuttet, seier spelar Sondre Paulsen.

Sondre Paulsen trener lett fredagen før den store kampen mot Fyllingen. Han ser frem til drømmekampen, men sier det blir en tøff kamp som nok blir avgjort i sluttminuttene.

– Det blir ikkje ein enkel match.

Det seier ØIF-spelar Sondre Paulsen før den skjebnesvangre kampen komande søndag.

Då møter ØIF Arendal Fyllingen i Bergen i nest siste seriekamp.

Viss arendalittane anten vinn eller spelar uavgjort i byen mellom dei sju fjell, kan dei juble heile vegen heim til Sørlandet.

Om det derimot blir tap må dei setje gulljubelen på vent. Då blir det avgjort mot Bodø på heimebane komande onsdag.

– Det blir veldig tøft

At Fyllingen er eit lag dei berre har slått ein gong på bortebane, gjer at Paulsen kjenner ekstra på nervane.

– Ein veit jo kva som ligg i potten, og heldigvis var vi i tilsvarande posisjon i fjor så vi har lært litt av det.

Han trur ikkje bergensarane kjem til å ligge på latsida.

– Fyllingen er eit godt lag, og dei kjem til å kome etter oss. Så det blir veldig tøft. Dei kjem ikkje til å gi oss noko som helst gratis, det er i alle fall heilt sikkert.

Satsar på knapp siger

Paulsen seier at mykje av grunnen til at dei har gjort det så bra er at klubben legg til rette for å få spelarane til å prestere.

– Vi har vunne mange kampar, så vi har fått ein vinnarmentalitet. Det er mange faktorar som spelar inn, men vi er gode dei siste minutta når ting skal avgjerast.

Også denne gangen trur han det blir avgjort i løpet av sluttminutta.

– Då er det om å gjere å halde hovudet kaldt, og det har vi vore flinke til tidlegare i sesongen. Eg trur det blir viktig å vere fokuserte i dei avgjerande minutta.

– Og kva blir resultatet?

– Knapp siger, 27 – 25 til ØIF.

Vidovic, midtback ØIF, på trening før den avgjørende kampen mot Fyllingen i Bergen.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
NRK Forklarer: Baneheia-saken 01:05
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,31 kr
Dyrest kl. 08 1,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,5 kr 25 min.
  • Dusje 5,4 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,3 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %