Hopp til innhold

– Vi har blitt styrka av motgangen

Start-trenar Mons Ivar Mjelde kunne smile breitt etter den viktige sigeren mot nedrykksrival Hønefoss søndag. Han meiner Start er styrka etter stormen som har herja rundt klubben denne sesongen.

Mons Ivar Mjelde

Start-trenar Mons Ivar Mjelde meiner laget har komme styrka ut av motgangen tidlegare denne sesongen.

Foto: NTB Scanpix

– Vi har blitt styrka av motgangen. Alle var opptekne av å skyte på den eine og den andre. seier Mjelde til NRK.

Frå 19. april spelte Start 15 eliteseriekampar på rad utan å vinne. Heilt til dei slo Vålerenga 3–1 på Ullevaal 11. august. Kritikarar stilte mellom anna spørsmål ved om Mjelde var rett mann som Start-trenar.

Markus Heikkinen

Mons Ivar Mjelde dreg fram Markus Heikkinen som ei viktig årsak til at Start har funne tilbake til vinnaroppskrifta.

Foto: NTB Scanpix

No har trenden snudd med sju poeng på dei tre siste kampane.

– Klubben har stått imot og jobba hardt vidare, seier Mjelde.

Sjølvtilliten er tilbake

Søndag kjempa sørlendingane seg til siger mot Hønefoss, i ein kamp ingen av laga hadde råd til å tape.

Start hadde matchvinnarar i begge endar av bana. Markus Heikkinen si scoring 50 minutt ut i kampen var nok til å sikre tre poeng.

Men Start kan takke målvakt Håkon Opdal for tre særs viktige poeng. Opdal varta opp med den eine klasseredninga etter den andre på Aka Arena.

– Vi jobba bra og hadde god struktur i laget. I tillegg hadde vi ein matchvinnar i Håkon Opdal bakarst, seier Mjelde.

Trenaren trekkjer også fram Markus Heikkinen som ei viktig årsak til at klubben no plukkar poeng igjen.

– Heikkinen er integrert på ein god måte og ein sterk bidragsytar til at vi har betre struktur i laget. Då er det lettare for resten å vere gode også, seier Mjelde.

– Vi har fått betre sjølvtillit og torer å halde på ballen og vi gjer kloke val. Det vert ikkje så panisk, seier trenaren.

Håkon Opdal

Håkon Opdal stod ein solid kamp mot Hønefoss søndag.

Foto: Kallestad, Gorm / NTB scanpix

– Vi har hatt trua heile vegen

Start-målvakt Håkon Opdal seier at det berre er hard jobbing som ligg bak snuoperasjonen.

– Vi har funne ut av korleis vi skal organisere laget defensivt. Folk er tryggare i rollene sine. Då fungerer vi og vi står fram som eit lag og ikkje ein og ein, seier han.

– Vi har hatt trua på at vi skal klare oss i eliteserien heile tida. Det er den trua som har ført oss inn i god form. Vi har det i oss og vi skal klare dette saman. Vi får betalt for all treninga vi har gjort og jobben vi legg ned mot Hønefoss, seier Opdal.

Trenar Mons Ivar Mjelde er klar på at laget må kjempe like hardt for å skaffe dei naudsynte poeng for å overleve i eliteserien.

– Vi må passe på oss sjølve. Eg reknar ikkje med at vi får hjelp av andre. Det er ok at vi har fått heng på laga føre oss. Det er ein fordel at det er fleire lag som kjempar om dei nedste plassane og ikkje berre to-tre lag, seier Mjelde.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 04 1,61 kr
Dyrest kl. 07 3,12 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %