Hopp til innhold

– Vi gjer oss aldri

I to kampar på rad har Jerv komme under og slått tilbake. Begge gongane har premien vore

Glenn Andersen

Jerv er klar for ny kvalifiseringskamp etter å ha slått Hødd borte.

Foto: Pedersen, Terje / NTB scanpix

– Vi scorar i siste sekund igjen. Vi gjer ikkje opp før dommaren bles, seier Jerv-kaptein Glenn Andersen til NRK.

Andersen har nettopp vore vitne til eit straffedrama på Høddvoll stadion.

Før det utlikna Jerv sin toppscorar Ohi Omoijuanfo til 1–1 på overtid av ordinær tid og sikra med det ekstraomgangar.

– Berre lykke og glede

Dermed blei det nærast reprise frå serieavslutninga førre helg der Jerv sikra kvalifiseringsplassen seks minutt på overtid.

– Vi gjer oss ikkje, legg om, satsar framover og vi har folk på rett stad til rett tid når kampen skal avgjerast, seier trenar Steinar Pedersen.

Det var 18 år gamle Tobias Collett som sette den avgjerande straffa i mål og sikra ny kvalifiseringskamp. Jerv vann til slutt 7–6 etter straffekonkurransen.

– Det er berre lykke og glede. Eg er strålande nøgd med at vi tek oss vidare, seier Pedersen.

hødd jerv

Jerv-spelarane jubla etter å ha slått Hødd.

Foto: magnus gamlem

Møter Kristiansund borte

Men trenaren såg fleire ting han vil rette på.

– Eg tykkjer vi kom bra i gong, men skulle ønske vi hadde turt å halde på ballen og spele endå meir. Hødd legg seg lågt og prøver å kontre, seier Pedersen.

I neste kvalifiseringskamp skal Jerv møte Kristiansund på bortebane.

– Det blir ein like tøff kamp som mot Hødd. Laga som har hamna på kvalik er ekstremt jamne. Det skil eitt poeng på tabellen mellom alle laga, seier Glenn Andersen.

– No skal vi få lov til å lande. Vi har eit god veke på oss og skal få denne kampen ut av kroppen og hovudet, seier Pedersen.

Vinnaren av oppgjeret mellom Jerv og Kristiansund møter Start i dei avgjerande kvalifiseringskampane.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Hvem er NRKs nye ekspert? 00:45
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 23 1,14 kr
Dyrest kl. 07 1,48 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,5 kr 25 min.
  • Dusje 5,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,3 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Feb 2023 – feb 2024
    + 6,3 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 5,5 %