Hopp til innhold

– Vi er sjølv vår verste fiende

ØIF-keeper Svenn Erik Medhus trur mykje skal gå gale dersom klubben skal klare å rote vekk seriegullet, som dei har halvvegs i lomma.

Medhus

ØIF-keeper Svenn Erik Medhus håpar på fulle tribunar når ØIF tek imot Drammen søndag.

Foto: Leif Dalen / NRK

– Vi er sjølv vår verste fiende. Vi har som mål å avgjere serien to kampar før slutt slik at vi kan ta imot medaljane på heimebane. Det er det vi jobbar knallhardt for, seier Medhus til NRK.

Kristian Kjelling

Kristian Kjelling har teke over som hovudtrenar i Drammen.

Foto: Ruud, Vidar / NTB scanpix

Førre helg slo ØIF Arendal Haslum i det som vart omtala som «seriefinalen».

Med seks seriekampar att toppar sørlendingane eliteserietabellen fem poeng føre bærumsklubben.

Søndag kjem Kristian Kjelling og Drammen på besøk i Sør Amfi.

Etter at Kjelling tok over som spelande trenar har laget vunne ein kamp og spelt ein uavgjort.

Trua er tilbake

– Det verkar som om dei har fått meir system å spelet sitt. Det verkar som om Kjelling har gjort nokre viktige grep. Eg trur det viktigaste er å få spelarane til å ha tru på seg sjølv, seier Medhus.

– Dei har eit mannskap med vanvitig gode enkeltspelarar. Dersom dei får det til å fungere saman blir dei vanskelege å slå, seier ØIF-keeperen.

ØIF Arendal har berre tapt ein seriekamp denne sesongen. Tapet kom mot Halden på heimebane rett før jul.

– Vi har eit godt mannskap. Det viktigaste for oss er å klare å nullstille oss. Det viktig at vi slår Drammen, seier han.

kristian kjelling

Kjelling har fått ein god start på trenarkarrieren med ein siger og ein uavgjort på dei to første kampane.

Foto: Teigen, Trond Reidar / NTB scanpix

Jakobsen ute med skade

Lars Jakobsen står over kampen mot Kjelling sitt mannskap på grunn av ein skade i handleddet.

No håpar Medhus på at Eirik Køpp vil ta ansvar. Køpp var lagets desidert beste mot Haslum sist helg.

– Han spelte ein sinnssjuk kamp. Eg håpar han held fram der han slapp. Med mannskapet vi har, har vi trua på siger, seier han.

ØIF Arendal er blant klubbane som har flest tilskodarar på heimekampane sine. Denne sesongen har dei eit snitt på 1247 tilskodarar så langt.

Mot Drammen håpar Medhus på langt fleire.

– Eg har notert med at Vipers hadde over 2000 tilskodarar mot Larvik. Det er noko vi bør få til i Sør Amfi også. Vi toppar serien og leverer godt kampar nesten kvar gong. Det bør vere interesse for det, seier Medhus.

Eirik Køpp, ØIF Arendal

Eirik Køpp var ØIFs beste borte mot Haslum i førre serierunde.

Foto: Sander Heggheim/NRK

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,6 kr
Dyrest kl. 18 1,95 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %