NRK Meny
Normal

– Vi er mykje betre enn i fjor

FK Jerv-trenar Arne Sandstø er særs optimistisk på klubben sine vegne, før ein ny sesong i 1. divisjon.

Arne Sandstø, FK Jerv

Jerv-trenar Arne Sandstø på sidelinja treningskampen mot Arendal fredag.

Foto: Sander Heggheim/NRK

– Spelarane føler seg mykje tryggare i forhold til spelet vårt. Det set mykje betre. Vi har eit betre grunnspel på denne tida enn på same tid i fjor. Akkurat no er vi betre enn i fjor. Mykje betre, seier Sandstø til NRK.

FK Jerv treningskamp mot Arendal 2017

Jerv slo Arendal 3–2 i ein treningskamp fredag. Her feirar Jerv-spelarane 1-0-scoringa til Andreas Hagen.

Foto: Sander Heggheim/NRK

Fredag ettermiddag vann Jerv 3–2 mot Arendal i den siste treningskampen før seriestart neste helg.

– Akkurat no går det berre på å flytte beina raskt nok, og bli friske nok i beina. Vi skal ha ei fin veke no, så er vi klar til seriestart, seier Sandstø.

Sikta mot opprykk

Jerv opnar sesongen borte mot nyopprykka Florø neste helg. Det kan vere starten på endå ein opptur for dei gule og blå frå Grimstad.

Laget har lagt to sesongar bak seg i 1. divisjon etter opprykket i 2014. Begge enda med kvalifiseringsspel til eliteserien. Begge enda med tap.

– Vi ynskjer å vere aktuelle for opprykk heile tida. Når vi nærmar oss sommaren og Levermyr stadion blir veldig bra, skal vi vere frykteleg vanskelege å slå på heimebane, seier han.

– På bortebane var vi eit av dei betre laga i fjor. Vi må tore å vere oss sjølve. Så må vi få fart på beina. Då kjem vi til å vere veldig gode, seier Sandstø.

Michael Ogungbaro, FK Jerv

Jerv-spelar Michael Ogungbaro (t.v.) jagar ballen mot Arendal fredag.

Foto: Sander Heggheim/NRK

Dette vil han jobbe med

Men Jerv-sjefen har fleire ting han vil jobbe med inn mot den første serierunden.

– Når vi ikkje har ball er vi ikkje gode nok. Vi er ikkje gode nok i presset vårt. Der har vi ein jobb å gjere, seier han.

– Er det presset som blir fokus den siste veka?

– Ja. Når vi først får ball og spelar ball, så er vi bra. Vi kan bli mykje betre i presisjonen på siste tredjedel, både innlegg og stikkarane vi prøver på. Men det kjem med friskare bein. Vi må vere betre i det kollektive presset vårt, og det kjem vi til å vere, seier Jerv-trenaren.

Matchvinner Berglann er glad for seieren, men ser fortsatt mye å rette på til serien starter. Han mener Jerv må ligge på det nivået de hadde i 2. omgang i dag, og kanskje heve seg enda litt til.

Sjå intervju med Jerv-spelar Ulrik Berglann etter 3–2 sigeren mot Arendal fredag.