– Nei, vi er vel ikkje akkurat favorittar, men vi skal gje dei kamp, seier Langfeldt til NRK.no.
LES OGSÅ: Vipers vann serieopninga
Lang merittliste
Larvik står med totalt 12 seriemeisterskap, og har vunne serien kvart år sidan 2000/01-sesongen. I tillegg står laget med 10 NM-gull, og tre semifinalar i Meisterligaen.
– Larvik er ikkje berre Noreg sitt beste lag, dei er også eit av verdas beste lag, seier Langfeldt.
Ikkje uslåelege
– Det er vanskeleg å peike på kva vi må vere spesielt obs på. Heilheita er vanvittig god, seier Vipers-trenaren.
Men Langfeldt trur ikkje det er umogleg å slå Larvik.
LES OGSÅ: Tøff serieopning for Vipers
– Vi skal spele på våre styrker, så skal vi få fram svakheitene deira. Så får vi sjå kor nær vi er. Det viktigaste er å vere gjerrige i spelet vårt og ikkje gje dei for mange kontringar, seier han.