– Det gjekk veldig fint. Eg tykkjer gruppa takla det fint og brukte lite energi på det. Vi var veldig klare på at kampen var det viktigaste, så eg tippar at gutane brukte veldig lite energi på det faktisk, seier Årst til NRK.no.
Ordknapp om avgang
Knut Tørum sa opp trenarjobben i Start med umiddelbar verknad onsdag ettermiddag. Ei av årsakene til oppsigelsen var spelarar som har gått anonymt ut i media og snakka om mistillit til Tørum.
– No har eg ikkje snakka med Knut sjølv, og eg trur eg skal avvente litt med å seie for mykje rundt det. Vi respekterer Knut si avgjerd om å trekkje seg, seier Årst.
– Leit for alle partar
– Det er leit for alle partar, men livet går vidare og det skal spelast fotball på Sør Arena. Det er vi veldig interessert i å gjere på ein god måte ut sesongen, seier kapteinen.
På kort varsel måtte assistent Frode Fredriksen steppe inn som Start-sjef. Fredriksen førte laget til kvartfinale etter 1-0 sigeren mot Strømsgodset.