Hopp til innhold

– Veldig uheldig for integreringa i Noreg

Ordførar i Kristiansand, Harald Furre, reagerer sterkt på utsegnene til imam Abdikadir Mahamed Yussuf, og meiner dei er gamaldagse.


Ordfører i Kristiansand, Harald Furre, reagerer sterkt på uttalelser fra en imam i Kristiansand, som mener muslimske barn ikke skal delta i bursdagsfeiring, og at muslimer ikke skal ønske god jul. Imamen sier dette i et intervju med Fædrelandsvennen i dag. NRK har også vært i kontakt med imamen, men han ønsker ikke å snakke med media nå.

Ordførar i Kristiansand, Harald Furre, meiner haldningane til imam Abdikadir Mahamed Yussuf kan vere uheldige for integreringa i Noreg.

– Eg trur det er veldig uheldig for integreringa i det norske samfunnet, og uheldig i forhold til nordmenns haldningar til muslimar i ei tid der vi får stadig fleire flyktningar og asylsøkjarar til landet vårt.

Onsdag uttalte imam Abdikadir Mahamed Yussuf til Fædrelandsvennen at muslimar ikkje skal delta i bursdagsfeiringar, seie god jul, eller helse på kvinner ein ikkje er i familie med.

Yussuf kom til Kristiansand våren 2014, og er den øvste blant tre imamar i moskeen i Posebyen.

Furre meiner utsegnene viser haldningar frå fortida som ikkje passar inn i det norske samfunn.

– Praksis i forhold til religion utviklar seg i tråd med si tid, kristne meinte for mange år sidan at kvinner ikkje skulle tale i forsamlingar. Det er lenge sidan og forbilagt. Også i islam må trua utviklast i forhold til si tid.

– Uheldig om det er slik Koranen må tolkast

Ordføraren trur slike haldningar kan gjere integreringa vanskelegare.

– Eg trur det er veldig uheldig for integreringa i det norske samfunnet, og uheldig i forhold til nordmenns haldningar til muslimar i ei tid der vi får stadig fleire flyktningar og asylsøkjarar til landet vårt.

Han reagerer på haldningar og synspunkt muslimar og andre kan ha som ikkje er vanleg i det norske samfunnet.

– Eg er ikkje særleg glad for nordmenn heller som på denne måten unngår å delta. Men det er verre i den forstand at ein er så tydleg på at alle muslimar på mange måtar må praktisere sin religion på den måten, og eg tykkjer det er særs uheldig viss muslimar i Noreg opplever at det er slik Koranen må tolkast.

Må tilpasse seg

Furre viser til at våre nye landsmenn må tilpasse seg samfunnet dei no er i.

– Når denne imamen seier at ein ikkje skal helse på kvinner som ikkje er i familien din og borna ikkje skal gå i bursdagsselskaper, så meiner eg at det er veldig uheldig i forhold til integrering i det norske samfunnet, og det å vere fullverdige samfunnsborgarar som vi ønskjer at våre nye landsmenn skal vere.

NRK har vore i kontakt med Yussuf, som ikkje vil la seg intervjue.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %