Hopp til innhold

Slik opplevde småbarnsmora branndramaet

Anne Linn Lilledrange spratt opp av senga for å få ut dei tre barna då mannen ropte at det brann i nabohuset.

Anne Linn Lilledrange

Anne Linn Lilledrange vart vekt då det byrja å brenne i nabohuset natt til tysdag.

Foto: Lars Eie/NRK

Heile familien hadde lagt seg då dei vakna av at det ringde på døra ved 01-tida natt til tysdag.

Ringinga vart etterfølgt av intens banking.

Anne Linn Lilledrange

Anne Linn Lilledrange saman med pus som også vart redda ut frå huset.

Foto: Lars Eie/NRK

– Vi trudde først det var nokon som berre sprang forbi. Men så gjekk mannen min opp og såg ut kjøkenvindauget. Plutseleg høyrde eg han springe over golvet og ropte at det brann, fortel ho.

32 personar evakuert

Lilledrange fann fram varme klede og vekte dei tre borna så raskt ho kunne.

– Så var det berre rett inn i bilen og rett opp til svigerforeldra mine der vi har vore i natt. Mannen min har vore her i heile natt og bore ut ein del ting i garasjen, fortel ho.

Til saman 32 personar vart evakuert frå 11 hus vel ein kilometer frå Flekkefjord sentrum. I fleire timar forsøkte brannvesenet å få kontroll over brannen.

To hus er totalskadd etter brannen.

Brann i Flekkefjord

Slik ser eitt av husa ut i dagslys.

Foto: Lars Eie/NRK

Ingen personar skada

Huset til Lilledrange er påført store vass- og røykskadar.

– Det er tydeleg at dei har brukt mykje vatn. Dei har også slått hol i golvet, seier ho.

No er ho glad for at ingen personar vart skada i brannen.

– Eg tenkte det var godt at vi kom ut. Då vi kom ut var det ganske mykje brannfolk på plass allereie, så eg tenkte at det var sjanse til at vi fekk redda ut noko frå huset også, seier ho.

Ukjend brannårsak

Like før klokka sju varsla brannvesenet at dei hadde kontroll over brannen.

Bebuarane som bur i husa som ikkje er skada fekk då beskjed om at dei kunne gå tilbake til husa sine.

Det er framleis ikkje kjent kva som starta brannen. Krimteknikarar skal gjere undersøkingar så raskt det er mogleg.

Ifølgje avisa Agder var det ei ung jente som vakna av knitring og varsla frå om brannen.

Et rekkehus tok i natt fyr i Flekkefjord. Naboene ble evakuert

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 04 1,61 kr
Dyrest kl. 07 3,12 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,7 kr 25 min.
  • Dusje 6,5 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %