Hopp til innhold

– Turismen har øydelagt Hovden

Lokalhistorikar Bjarne Tveiten meiner at samfunnet på Hovden har lete utviklinga skje utan at dei sjølv har teke styringa.

Hovden

Lokalhistorikaren meiner at kapitalen styrer utviklinga på Hovden og ikkje lokale krefter.

Foto: Sundsdal, Svein / Svein Sundsdal/NRK

– Det er nok mange som er ueinige i det eg seier. Det har gått over stokk og stein. Kapital utanfrå har styrt utviklinga i Bykle alt for mykje, seier Tveiten til NRK.no.

Onsdag fortalde NRK at mastergradstudent Charlotte Spikkerud ved NTNU skal finne ut kva omfattande hytteutbygging og turisme har gjort med norske fjellbygder.

Allereie no har studenten ei viss formeining.

– Har blitt sterkare

– Det verkar som at lokalsamfunnet har blitt sterkare. Ikkje bere innanfor dei som bur her fast, men også mellom dei er hyttebrukarar og mellom hyttebrukarane og dei fastbuande, seier Spikkerud.

Hovdenbygda har knappe 500 fastbuande. Nærare 3000 hytter trekkjer til seg opp mot 20 000 menneske i høgsesongen.

Lokalhistorikaren meiner at det gjer samfunnet rotlaust. I tillegg meiner han at lokalsamfunnet ikkje har styrt utviklinga. Tveiten er tidlegare SV-politikar i Bykle.

– Det eg reagerer på er at det ikkje har vore styrt nok lokalt. Ein har lete seg styre av krefter utanfrå. Pengeinteressene er veldig store. Skiheisen er ei pengemaskin utan like. Hyttebygging og tomtesal er stor business, seier Tveiten.

Ordføraren slår tilbake

Ordførar Jon Rolf Næss er ikkje einig i påstandane til lokalhistorikaren.

– Ein kan snu litt på flisa å seie kva hadde hovdensamfunnet vore utan turismen. Det hadde truleg ikkje vore noko som helst. Turismen og satsinga vi har hatt dei siste 30–40 åra har skapt arbeidsplassane i bygda. Utan arbeidsplassar hadde vi ikkje hatt busetjing. Då hadde det vore nokså tynt her oppe, seier han til NRK.no.

– Har turismen styrt, meir enn de har styrt sjølv?

– Nei, det er eg ikkje einig i. Men vi har vore oppe i mange dilemma i forhold til å balansere berekrafta i kommunen, i forhold til det Tveiten kallar kapitalkreftene i forhold til lokale interesser. Det er utfordrande. Dei utfordringane vil eg tru dei fleste kommunane har i forhold til næringslivet dei må hanskast med, seier ordføraren.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
NRK Forklarer: Baneheia-saken 01:05
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,31 kr
Dyrest kl. 08 1,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,2 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %