Som døme nemner dagleg leiar Benedikte Nilsen at dei måtte betale over 300 000 kroner i moms på import av miljøvenlege glas med pant.
Dette er pengar dei får tilbake seinare.
– Det største problemet med å vere miljøvenleg i Norge er alle humpane vi har. Du lever under ei sirkuslov når du køyrer festival. Momsetaten veit kanskje ikkje det der og då, seier Nilsen til NRK.
– Gjer livet tyngre
– Å vere miljøvenleg gjer livet litt tyngre, og det tykkjer Hovefestivalen er trist, seier ho.
Stortingsrepresentant frå Høgre i Aust-Agder, Svein Harberg, besøkte Hovefestivalen tysdag. Han leiar Stortingets Familie- og kulturkomite og lovar no å jobbe fram smidige løysingar.
Harberg seier at det kan komme ei ny belønningsordning for store festivalar som leiar an og deler sine erfaringar med andre festivalar.
Stortingspolitikar lovar endring
– Her går dei i front for å gjere ting miljømessig utviklingsarbeid innan festivalbransjen. Så møter dei regide reglar. Dette er varer som skal inn og ut igjen, og dermed skal dei eigentleg ikkje betalast moms på. Då må vi ha etatar og system som fangar opp det, seier Harberg.
– Kva vil du gjere med det?
– Dette skal eg ta med vidare slik at vi får sett på ordningar kring det. Vi ynskjer slike løysingar i framtida, og då må vi leggje til rette for det, seier Harberg.