Hopp til innhold

– Tungt og belastande å jobbe ved Arendal sykehus

Tilsette lir på grunn av tarmoperasjonssaka, ifølgje tillitsvald for Fagforbundet ved Sørlandet sjukehus, Merete Krogstad Hol. No melder fagforeiningane saka inn for kirurgisk arbeidsmiljøutval.

Sørlandet sykehus Arendal

Tilsette ved Arendal sjukehus opplever det belastande og tungt å jobbe ved sjukehuset etter tarmoperasjonssaka.

Foto: Anne Wirsching / NRK

– Du lir når nokon fortvilar over arbeidet du gjer som du gjer etter forskriftene og etter det du er lært opp til. Då lir du når nokon fortvilar over det, seier Krogstad Hol til NRK.

Fagforbundet organiserer 500 tilsette frå 17 yrkesgrupper ved Arendal sjukehus. Mellom anna sjukepleiarar, sosionomar, kontorpersonale og ambulansepersonell.

Alvorleg bekymra

Krogstad Hol seier ho er alvorleg bekymra for arbeidsmiljøet på sjukehuset.

– I enkelte miljø der dei no har opplevd trøkket frå media og det som har komme fram, er eg uroa, seier ho.

Sjukepleiarforbundet deler Fagforbundet si bekymring over arbeidsmiljøet.

Hovudtillitsvald for dei 600 sjukepleiarane ved Arendal sjukehus, Bente Liv Hagen, seier det er tøffast for dei som jobbar nærast operasjonssalane.

– Operasjonssjukepleiarar, anestesisjukepleiarar, dei som jobbar tettast på operasjonar dette handlar om, seier to til NRK.

– Belastande

Hagen seier at hennar medlemmer opplever det som belastande å jobbe ved Arendal sjukehus.

– Dei føler det belastande når det blir sett spørsmålsteikn ved måten sjukehuset driv operasjonar på, og når telefonane byrjar å komme der folk avbestiller operasjonane sine, seier Hagen.

– Dei får spørsmål frå naboar, kjenningar og folk på gata som veit kvar dei jobbar, om korleis kvaliteten er der dei jobbar. Det kjennest sjølvsagt tungt, seier ho.

Leiaren for sjukepleiarane seier det går på yrkesstoltheita laus.

– Det er klart at det gjer noko med ein når det blir stilt spørsmål ved måten heile sjukehuset gjer ting på, seier Hagen.

– Får ei ripe og ein knekk

Fagforbundet støttar sjukepleiarane, men legg til at yrkesstoltheita kan ha fått seg ein mellombels knekke for nokon og ein kvar etter det som har skjedd.

– Når du gjer jobben dagleg og er trygg på at den vert gjort etter forskriftene får den jo ei ripe og ein knekk. I alle fall mellombels, seier Merete Krogstad Hol.

Når fagforeiningane no melder saka inn for kirurgisk arbeidsmiljøutval, er det for å få belyst kva konsekvensar tarmoperasjonane har for arbeidsmiljøet i Arendal.

– Eg ventar i alle fall at dei går kraftig ut, noko eg tykkjer dei prøver allereie. Dei har teke grep, skal ta grep, trygge befolkninga og seie at dei tilsette gjer ting etter forskriftene, seier ho.

– At det er kvalitetssikring på alt som vert gjort, at det vert gjort etter prosedyrar og at dei tryggjar med at det vert gjort på ein god måte, anten dei vel Arendal eller Kristiansand, seier Krogstad Hol.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,6 kr
Dyrest kl. 18 1,95 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %