NRK Meny
Normal

– Tenk deg om før du fyrer opp grillen

Østre Agder brannvesen aukar beredskapen på grunn av stor skogbrannfare i Aust-Agder.

Engangsgrill

Brannvesenet ber politiet vere særs forsiktige med bruk av eld på grunn av stor skogbrannfare.

Foto: Tor Porter Saltrøe / NRK

Skogbrannfaren er størst i Gjerstad. Der set brannvesenet inn ekstra ressursar.

– Vi styrkjer vaktberedskapen i Gjerstad for å sikre at vi har mannskap tilgjengeleg om det skulle bryte ut ein brann, seier brannsjef Dag Svindseth til NRK.

Skogbrannindeksen ligg på 90 i Gjerstad. Grensa for særs stor skogbrannfare er på 70.

– Det er veldig tørt også andre stader enn i Gjerstad. Det er stor fare både i Aust- og Vest-Agder, seier brannsjefen.

– Vi ber folk vere ekstra forsiktige og passe bruken av open eld i skog og mark. Folk må tenke seg om før dei fyrer opp, seier Svindseth.

Lite snø og varmt vêr er årsaka til den store brannfaren.

– Det vil hjelpe litt når det byrjar å spire og det vert grønt ute. Men kombinasjonen lite snø og høge temperaturar gjer det er er veldig tørt så tidleg i sesongen, seier han.

Brannvesenet i Kristiansand maner til forsiktighet ved bruk av engangsgriller.

VIDEO: Eingangsgrillar utgjer stor brannfare, meiner brannmeister.