NRK Meny
Normal

– Taparen rykker ned til 1. divisjon

Fotballekspertane Steffen Iversen og Bengt Eriksen i Cmore er samstemte. Taparen i oppgjeret Start – Mjøndalen rykker ned til 1. divisjon.

Steffen Iversen

Steffen Iversen er fotballekspert i Cmore.

Foto: Alley, Ned / NTB scanpix

– Det blir ein kamp der det er vinn eller forsvinn. Det laget som tek tre poeng har moglegheit til kvalifisering. Elles trur eg laget som tapar rykker ned, seier Steffen Iversen til NRK.

– Laget som klarar å halde fanden på avstand har best føresetnader. Begge laga ser jo nedrykkspøkelset på høglys dag, seier Bengt Eriksen til NRK.

12 strake utan siger

Dei to fotballekspertane har følgt eliteserien tett for Cmore heile denne sesongen. Men ingen av dei torer å spå kven som vinn kampen.

Vegard Hansen

Mjøndalen-trenar Vegard Hansen.

Foto: Grøtt, Vegard Wivestad / NTB scanpix

– Det er så utruleg vanskeleg å seie. Begge laga har vore frykteleg dårlege i det siste. Difor blir denne kampen så spennande. Eg gler meg til å sjå kampen på tv, seier Iversen.

Start står med 12 strake kampar utan siger før kveldens oppgjer på Sør Arena. Mjøndalen har heller ingen imponerande statistikk å vise til. Dei har ikkje vunne på sju kampar.

– Eg såg Start i Sandefjord førre helg. Det var eit trist syn. Det var veldig primitivt og lite guts, seier Eriksen.

Start tapte 1–4 borte mot Sandefjord førre serierunde.

– Må unngå å tape

Mjøndalen-trenar Vegard Hansen vedgår at han er spent før kveldens oppgjer.

– Eg gruar meg for så vidt litt til alle kampar, men det er ikkje verre no enn til vanleg. Vi er nøgde med å kunne behalde plassen i eliteserien så langt ut i sesongen, seier Hansen til NRK.

Mjøndalen kom til Kristiansand torsdag ettermiddag og fekk til og med ei treningsøkt på Sør Arena torsdag kveld. Hansen meiner Mjøndalen bør ha med seg poeng frå Sørlandet.

– Eg trur vi må unngå å tape. Får vi eitt poeng er det gode moglegheiter. Vi har Aalesund heime neste helg som vi kan slå. Start har to vanskelege kampar i dei to siste og det er ikkje sikkert dei tek fleire poeng, seier han.

Bård Borgersen

Start-trenar Bård Borgersen på torsdagens trening på Sør Arena.

Foto: Sander Heggheim/NRK

Start-sjefen budd på krig

– Vinn vi er vi på veg mot kvalik. Det blir ein jamn kamp mellom to lag som har vore omtrent like dårlege den siste tida, seier Hansen.

Start-trenar Bård Borgersen er budd på at laget hans vil få knalltøff kamp om poenga.

– Vi må vere budde på at det blir ein krig. Den fighten trur eg vi er godt rusta til å ta. Så har vi ein dimensjon til i ein offensiv felles tanke. Det håpar eg vi kan legge på i tillegg til kriginga, seier trenar Bård Borgersen.

– Vi er i god utvikling og eg ser stadig framgang. Eg trur vi kan få eit gjennombrot mot Mjøndalen, seier han.

Sjå intervju med Bård Borgersen, Mads Stokkelien og Even Øgrey Brandsdal før skjebnekampen mot Mjøndalen.

Sjå intervju med Bård Borgersen, Mads Stokkelien og Even Øgrey Brandsdal før skjebnekampen mot Mjøndalen.