Hopp til innhold

– Starten på ein ny æra

Keepertrenar Erik Ruthford Pedersen har vore med på mange opp- og nedturar i Start. Årets opprykk rangerer han som ein av dei største augneblinka.

Erik Ruthford Pedersen og Start-fansen

GLAD: Erik Ruthford Pedersen var ein glad mann etter at Start sikra opprykket til eliteserien mot Sandefjord søndag.

Foto: Sander Heggheim/NRK

– Dette har eg vore med på før, men akkurat i dag er det kjekkare enn eg tykkjer det har vore før, seier Ruthford Pedersen til NRK.no.

Keepertrenaren har vore med klubben i ei årrekkje og har opplevd ei rekkje opp- og nedrykk i gult og svart.

– Det er ein ny æra som ligg føre oss. Slik vi har komme oss gjennom 1. divisjon gjer noko med meg. Det har vore eit slitsamt år, men det er jaggu så fortjent, seier han.

– Brutal prosess

Sørlendingane sikra opprykket med 1-0 siger på heimebane. Keepertrenaren ser eit stort potensial i laget. No kan både han og klubben leggje bak seg eit turbulent år med store økonomiske kutt.

– Vi har gått gjennom ein ganske brutal prosess i klubben. Vi har gått ned i løn, men klarte det. Gutane, apparatet og klubben har stått meir saman enn nokon gang, seier han.

– Vi har eit anna grunnlag å jobbe vidare med. Eg trur det er sunt for norsk fotball og for oss. Det gjer meg litt ekstra glad, seier han.

Erik Ruthford Pedersen feirar med Start-fansen

JUBEL: Erik Ruthford Pedersen feira saman med Start-fansen etter kampen.

Foto: Sander Heggheim/NRK

Trur på suksess

I 2004 var han med på opprykk til eliteserien. Året etter var han med på å ta sølv i norges øvste divisjon.

– Årets lag er blant dei sterkaste vi har rykt opp med. I 2004 var det eit nytt lag med mange talent som slo til så det suste og tok sølv året etter, seier han.

– Eg seier ikkje at det kjem til å skje igjen neste sesong, men eg tykkjer vi har eit godt lag og vi har eit godt grunnlag å jobbe vidare med, seier han.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 15 1,62 kr
Dyrest kl. 08 2,15 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,7 kr 25 min.
  • Dusje 6,5 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %