NRK Meny
Normal

– Start rykker ikkje ned

Start sin nye Amin Nouri føler seg trygg på at sørlendingane overlever i eliteserien.

Amin Nouri

OPTIMIST: Start sin nye høgreback, Amin Nouri, trur laget klarar seg i årets eliteserie. På bilete er han i aksjon for U21-landslaget. (Arkivfoto)

Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / Scanpix

– Dei har eit godt lag på papiret og til tider har dei vist at dei er eit godt lag, seinast mot oss. Då var det mange som vart imponert. Det er ikkje mykje som skal til før det snur og eg har på følelsen av at det kjem til å gå bra, seier han til NRK.no.

– Utelukkar du at Start kan rykke ned?

– Ja, eg føler at Start er såpass gode at vi kjem til å klare oss. Eg ser ikkje på det som noko fare at vi skal rykke ned, seier han.

Nouri er berre medisinsk sjekk unna å signere ei tre og eit halvt års kontrakt med sørlendingane. Høgrebacken har fått lite tillit i Vålerenga og ser fram til ein ny start - i Start.

– Eg føler det er ein fin klubb der eg kan få utvikla meg vidare. Eg har vore i Vålerenga i snart ti år, så når interessa frå Start dukka opp føler eg at det er det rette valet og ei fin moglegheit til å utvikle meg vidare, seier han.

– Klubben har mange gode spelarar og er ein fin arena til å ta dei stega eg treng for å komme meg vidare i karriera, seier Nouri.