Hopp til innhold

– Start mot Jerv er draumen til alle på Sørlandet

Både Start- og Jerv-spelarar håpar at dei to sørlandsklubbane møtest i den avgjerande kvalifiseringskampen til eliteserien.

Både Start- og Jerv-spelarar håpar at dei to sørlandsklubbane møtest i den avgjerande kvalifiseringskampen til eliteserien.

Sjå intervju med Steinar Pedersen, Lars-Jørgen Salvesen, Daniel Aase og Ohi Omoijuanfo.

– Det hadde vore vanvittig gøy for heile Sørlandet. Då trur eg dei fleste, også dei som ikkje er interessert i fotball, hadde komme på kamp. Sørlandet får glede seg om det skulle skje, seier Start-spissen Lars-Jørgen Salvesen til NRK.

– Det er jo draumen til alle på Sørlandet at Jerv og Start møtest. Det hadde vore gøy, seier Jerv-toppscorar Ohi Omoijuanfo.

Start kjempar for å unngå nedrykk frå eliteserien. Klubben ligg på kvalifiseringsplassen før siste serierunde søndag. Laget ligg eitt poeng føre Mjøndalen før den avgjerande runden.

– Tenke ingenting på det

Same dag skal Jerv ut i den første kvalifiseringsrunden i 1. divisjon. Laget sikra kvalifiseringsplass på overtid i siste serierunde førre helg.

– Jerv er eit godt lag og må komme seg gjennom det første hinderet og vi må gjennom vårt hinder, seier Start-spelar Daniel Aase.

For det er framleis mykje som må gå vegen før dei to laga møtest i kvaliken. Start må først og fremst sikre kvalifiseringsplassen i eliteserien. I tillegg må altså Jerv slå Hødd på Høddvoll. Skulle det skje ventar ein ny kvalifiseringskamp mot vinnaren av oppgjeret Kristiansund - Ranheim.

– Eg tenker førebels ingenting på det. Vi kjem ikkje dit om vi ikkje slår Hødd. Men eg forstår fokuset og interessa frå publikum og media. Eg forstår at folk syns det er tidenes kamp og bla, bla, bla. Men vi er ikkje der. Vi skal til Høddvoll å gjere ein jobb, seier Jerv-trenar Steinar Pedersen.

– Har du ikkje tenkt tanken?

– Viss ikkje hadde det vore umenneskeleg. Men det handlar om å fjerne tankane som ikkje har noko i hovudet på gjere, ler han.

– Alt kan skje

Jerv sin toppscorar Ohi Omoijuanfo blir Stabæk-spelar neste sesong, men håpar å sende Jerv til eliteserien før det.

Han trur det er fullt mogleg å slå Start i kvalifiseringa.

– Dei har ikkje vore så bra i år og er nedbrotne. Det er fullt mogleg å slå dei. Dei skal vere eit betre lag enn vi er, men fotballen er rundt og alt kan skje i fotball, seier han.

– Det er vanskeleg å seie kven som vil vere favoritt. Dei har hatt ein vanvittig opptur i år og klarte kvalik i siste sekund. Klarer dei å komme seg gjennom kvaliken har dei ingenting å tape, seier Salvesen.

Fotballklubben Jerv har gjort alle spådommer til skamme. I går ble klubben klar for kvalifisering til eliteserien. Og det smaker godt
null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,6 kr
Dyrest kl. 18 1,95 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,7 kr 25 min.
  • Dusje 6,4 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %