– Start kan bli eit topplag neste år

Molde-manager Ole Gunnar Solskjær trur at Start kan blande seg inn i toppen av eliteserien neste sesong.

solskjær

Ole Gunnar Solskjær har trua på Start neste sesong.

Foto: Bertinussen, Rune Stoltz / NTB scanpix

– Slik dei har funne forma no så kan dei det, seier Solskjær til MFK TV.

Start hadde ei elendig innleiing på sesongen, og var nederlagsdømde av mange tidleg. Men laget kjempa seg tilbake og redda plassen i eliteserien sist helg då dei slo Lillestrøm på Sør Arena.

– Dei starta veldig tungt, litt som oss. Det var vel midtperioden i serien som var tøff for dei. Men i sommar fekk dei inn Markus Heikkinen sentralt på midten. Det verkar som om dei fann ei brikke som dei har sakna. Etter det har dei vore eitt av formlaga i eliteserien, seier den tidlegare Manchester United-spissen.

– Ein ser ofte kvaliteten på eit lag utover i sesongen og ikkje i byrjinga av sesongen, seier han.

Søndag møter Start Molde på bortebane i siste serierunde. Molde-manageren har fleire Start-spelarar på blokka, som han har ekstra fokus på.

– Dei har Solomon Owello som eg tykkjer er ein veldig god spelar. Matthias Vilhjalmsson er toppscorar og er ein spelar vi må vere obs på heile tida. Dei har fantastisk fart på kanten med Børufsen og Asante. Kampen blir ei fin utfordring for oss, seier Solskjær.

Start-spillerne kunne slippe jubelen løs etter 1-0-seier mot Lillestrøm på Sør-Arena søndag. Seieren betyr at de også neste sesong får spille i eliteserien.

VIDEO: Sjå jubelscenene etter at Start sikra plassen i eliteserien førre helg.