Hopp til innhold

– Spesielt med så mange brannar på så kort tid

Sidan nyttår har det vore 20 alvorlege brannar på Sørlandet. Feil på elektriske anlegg, uforsiktig bruk av elektronikk og levande lys er blant årsakene.

Verksted-brann

Brannen på ei kommunal attføringsbedrift i Arendal 27.januar er ein av fleire brannar på Sørlandet den siste tida.

Foto: Elisabeth Grosvold

– Dette er sjølvstendige brannar som vi ikkje ser nokon samanhengar mellom, seier leiar på krimteknisk avdeling i Agder-politiet, Gunstein Kalhovd.

Natt til fredag vart eit bustadhus i Risør totalskadd etter ein brann. Dette er berre ein av fleire liknande episoder i det siste.

Dette er nokre av brannane NRK har omtala:

Kriminalteknikker Gunstein Kalhovd er gjest i studio. Nattens husbrann i Risør er bare én i rekken den siste tiden på Sørlandet.

Fellestrekk

Kalhovd meiner det er spesielt med så mange like brannar på så kort tid.

– Det vi registrerar kvart år er at når vi får kuldeperioder så får vi også ei oppblomstring av brannar. Det er klassisk kvart år, seier han.

Gunstein Kalhovd

Gunstein Kalhovd er leiar på krimteknisk avdeling i Agder politidistrikt.

Foto: NRK

Til no i år har politiet allereie arbeidd med eit titalls brannar i Agder.

– Sidan nyttår har vi på vår avdeling vore involvert i nærare 20 brannar, og det er omfattande brannar med totalskader.

Trass i at brannane ikkje har nokon samanheng, viser Kalhovd til at det er nokre fellestrekk som går igjen.

– Folk er uvørne med tilkopling på straum, til dømes ladarar. Det er også dårleg tilsyn med det elektriske anlegget i bustaden.

Uforsiktig bruk av stearinlys og tømming av vedomn er også gjengangarar i boligbrannar.

Kalhovd fortel at folk gjerne set bøtter med aske på terrassen etter tømjing, og at dette ikkje er særleg lurt.

– Det er klart at med litt vind så byrjar dette å brenne.

Brannen på Munkejordet i Arendal

Teiknikarar i arbeid etter brannen på Munkejordet i Arendal.

Foto: Leif Dalen / NRK

Vanskeleg å finne årsaka

Med så mange branntilløp er det mykje ressursar som går med. Kalhovd fortel at dei seinast denne veka var fire-fem mann ute på ulike brannar samstundes.

Ofte er det krevjande åstader dei må arbeide på.

– For det første må åstaden bli kald. For det andre må vi vere sikre på at vi kan gå trygt inn i bygget. Veldig mange av desse brannåstadane er falleferdige bygningar, der vi må vere veldig forsiktige.

Han seier det er utfordrande å finne brannårsaka.

– Å finne sjølve brannårsaka kan vere veldig vanskeleg. Ofte er det brent heilt opp, seier han.

Risør, 3. februar:

Brann i Risør

Arendal, 27. januar:

Nok et hus ble totalskadet i brann i Arendal i natt.

Vågsbygd, 27. januar:

Brann i Blåbærsvingen

Arendal, 27. januar:

Verksted-brann

Arendal, 25. januar:

Tre personer ble sendt til legevakt med røykskader etter en boligbrann i Arendal.

Songdalen, 18. januar:

Dronebilder fra kontainerbrannen.
Videoen skal merkes som følger:
Fotograf: Anders Martinsen, for Agder pd og Kristiansand Brann og Redning
Mvh Ingrid Trønnes Mæhre
Ass Stabssjef Agder pd

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 15 1,62 kr
Dyrest kl. 08 2,15 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %