NRK Meny
Normal

– Spelarane er fulle av sjølvtillit

Dette seier trenarane i Jerv, Start og Arendal før seriepremieren.

Steinar Pedersen, Knut Tørum og Arne Sandstø

Start-trenar Steinar Pedersen (f.v.), Arendal-trenar Knut Tørum og Jerv-trenar Steinar Pedersen.

Foto: Sander Heggheim/NRK

– Eg ventar å sjå ein sugen gjeng som elskar å spele fotballkampar og gjer gass, seier Jerv-trenar Arne Sandstø til NRK.

– Første kamp er ein av dei mest spesielle kampane og gutane gler seg fælt til dette. Vi gler oss til å sparke i gang, seier Arendal-trenar Knut Tørum.

– Eg vil sjå att alt vi har jobba med og øvd på. At vi torer å gjere tinga som vi har vore bra på i fleire kampar på rad, seier Star-trenar Steinar Pedersen.

Har fått trua tilbake

Søndag ettermiddag går startskotet på det som vert omtala som tidenes sesong for våre lokale topplag. Tre sørlandslag i same divisjon, der to av dei er venta å kjempe om opprykk.

Start tek imot Fredrikstad i seriepremieren. Eit Start-lag som knapt har vunne ein seriekamp dei to siste sesongane.

Men i oppkøyringa til årets sesong har ikkje laget tapt ein einaste kamp. I generalprøva slo dei Odd, som er ein av medaljefavorittane i eliteserien.

– Spelarane trur på seg sjølve og er fulle av sjølvtillit. No handlar det om å få det ut i serieopninga, seier Pedersen.

Start

Start hadde ein blytung sesong i fjor. Her deppar Henrik Robstad etter eitt av mange tap.

Foto: Schrøder, Tor Erik / NTB scanpix

Pedersen om favorittstempelet

Mange har Start som ein av opprykksfavorittane denne sesongen. Det lever trenaren godt med.

– Vi må tore å vere favorittar og prestere når det er forventa å gjere det, seier Pedersen.

FK Jerv, som har spelt kvalifisering til eliteserien to år på rad, skal møte nyopprykka Florø på bortebane.

– Vi har venta på seriestarten ganske lenge. Det blir godt å komme i gang, og vi ynskjer å vinne, seie Sandstø som har førebudd seg godt på motstanden frå Norges vestlegaste by.

– Vi har opptak av alle kampane deira frå i fjor, så vi har godt oversikt, seier Sandsø.

FK Jerv

FK Jerv har spelt kvalifisering til eliteserien to år på rad. Her jublar spelarane for scoring mot Kongsvinger i fjorårets kvalifisering.

Foto: Tom-Richard Hansen Olsen/NRK

Tørum drøymer om kvalifisering

Arendal fossa gjennom fjorårets 2. divisjon og sikra opprykket med god margin. Dei møter Mjøndalen i serieopninga.

Ekspertar og medier er ueinige om kvar laget endar til slutt. Arendal vert tippa alt frå 7. plass til 16. plass.

– Vi er nøgde om vi spelar i 1. divisjon også neste sesong. Det er minstemålet. Men vi drøymer sjølvsagt om å vere blant dei seks beste som skal spele kvalifisering. Det er prestasjon og styrke på bana som tel. Eg trur vi hamnar på øvre halvdel, seier Tørum.

– Kva er den største skilnaden på 2. divisjon og 1. divisjon?

– Det er det eg har forsøkt å tone ned i spelargruppa, ler Tørum.

– Det er ikkje så mykje skilnad meiner eg, bortsett ifrå at laga er litt betre, men det er også vi. Den definitivt største skilnaden er settinga med Jerv og Start med all merksemda kring det, seier Tørum.

Arendal Fotball - opprykk 2016

Arendal knuste all motstand i 2. divisjon i fjor. Her feirar spelarane opprykket i fjor haust. Denne sesongen spelar dei i 1. divisjon.

Foto: Pål Tegnander/NRK