– Spanande om norske forskarar kan løyse problemet

Miljøfarleg oske frå landets 17 søppelforbrenningsanlegg kan bli til miljøvennleg stein, og koden kan knekkast på Sørlandet. Naturvernforbundet jublar.

Miljøfarlig aske

Til høgre er den miljøfarlege asken, til venstre den miljøvennlege steinen.

Foto: Thomas Sommerset/NRK

– Det er veldig spanande dersom norske forskarar løyser problemet med miljøfarleg flygeaske, seier Per-Erik Schultze i Naturvernforbundet.

NRK fortalde tysdag om den tidlegare Elkem-direktøren i Kristiansand som vil gjere supergiftig oske frå norske forbrenningsanlegg om til miljøvennleg byggestein.

– Flygeaske er eit farleg avfall av stort volum i heile Europa. Så dette er ein kjempeinteressant marknad viss ein kan kome opp med gode løysingar, seier Schultze.

På terskelen til gjennombrotet

Knut Henriksen

Knut Henriksen med to steinar: Til venstre er oske som er omdanna til ein stein. Til høgre ein vanleg stein.

Foto: Thomas Sommerset/NRK

– Farleg avfall burde gjerast om til ufarleg avfall, seier Knut Henriksen, elektroingeniør og tidlegare forskingsdirektør på Elkem i Kristiansand.

Henriksen meiner han står på terskelen til gjennombrotet: å lage ein type stein som bind opp alt giftstoffet i oska, som kjem frå ditt søppel.

– Den er ikkje endå inert, i den forstand at den oppfyller alle krav til utlekking frå myndigheitene. Det er eitt element som står att, som vi jobbar med.

«Inert» er eit uttrykk frå kjemien som beteiknar døde materialar som er passive, og som ikkje kan brytast ned til helsefarlege stoff.

Stor marknad

Mange forskar på dette, ifølgje Schultze i Naturvernforbundet. Men ingen er så langt i mål.

– Det er vel eigentleg ingen land som har nokon heilt fullgode løysingar, men det blir forska på det i fleire land. Den første som kan kome opp med ei smart og god løysing vil få ein stor marknad, og kan gjere mykje nytte for seg.

Norges forskningsråd har så stor tru på prosjektet at dei har løyvd fem millionar kroner i støtte, bekreftar Astrid Brenna.

– Det har fått støtte fordi det har ei høg innovasjonsgrad og moglegheit til nyskaping, det er høg kvalitet på forskinga som skal gjennomførast og i tillegg har det ein positiv miljøeffekt. Det er dei tinga som har blitt vektlagt.

Både skepsis og optimisme

Per-Erik Schultze

Per-Erik Schultze i Naturvernforbundet trur industrimiljøa i Noreg kan kome med ei god løysing på miljøfarleg oske.

Foto: Jo Straube

Miljøbevegelsen håpar avfalls-koden kan knekkast, men er samtidig noko skeptisk.

– Eg veit at land som Nederland har brukt ein god del flygeaske i vegbygging før, utan at eg veit kva binding dei har brukt der, noko som dei har fått problem med. Så det er tydeleg at dei var ikkje heilt klare på korleis dei løyste det.

Schultze er likevel optimistisk for Noreg sin del.

– Det er kjempebra at det jobbast med det, og eg ser ikkje noko i vegen for at dei tunge industrimiljøa i Noreg skal klare å kome opp med ei god løysing.