Hopp til innhold

– Son min kunne ha vore redda

Far til 22-åringen som vart funne død på cella i Arendal, meiner systemet svikta og at sonen kunne ha vore i live.

Kriminalteknikere undersøker funnstedet

KRITISK: Far til 22-åringen som døydde på cella i Arendal i august, står fram i VG. Han meiner systemet har svikta og at sonen kunne ha vore i live.

Foto: Jan Inge Thomassen / NRK

– Han kunne ha vore redda. For det første av fengselstenesta og systemet rundt han, som visste om sjølvdrapsfaren, seier Geir Omland til VG.

– For det andre trur eg løyve til ein telefon til meg med mi erfaring kunne ha hjulpe han med å halde motet oppe under isolasjonen i varetekt, seier Omland.

Vart funnen død

28. august vart sonen funnen død i cella i Arendal fengsel. Mannen var sikta for drapet på Levi Sørensen (20). Politiet meiner at han, saman med ein kamerat, knivstakk og skaut Sørensen. Deretter dumar dei liket i elva Otra.

Far til 22-åringen sonar sjølv ein drapsdom. Han sit på Ila fengsel der han sonar ein dom på 15 års forvaring for drap på ein 31-åring for åtte år sidan. I tillegg har han tidlegare sona ein dom på sju og eit halvt års fengsel for drap på sin eigen far i 1986.

– Eg meiner å ha livserfaring nok bak murane til å vite at son min kunne ha vore redda. Betre tilsyn, betre psykologar og betre forståing for kva som faktisk skjer med menneskeverdet når du sit i isolasjon, vil bidra til å redde liv, meiner han.

– Det er viktig at innsette får vite at dei har nokon som bryr seg og er glad i dei, seier Omland.

Vart klaga inn

Dødsfallet til sonen er klaga inn for Fylkeslegen i Aust-Agder og Kriminalomsorgen.

Ifølgje avisa meiner pårørande at 22-åringen sjølv varsla om å ta sitt eige liv. Dei meiner det er kritikkverdig at dette ikkje vart teke på alvor. Journalar frå fengselet viser at mannen hadde store psykiske belastingar og plager.

Fengselsdirektøren har tidlegare sagt at fengselsleiinga ikkje var varsla om dette av helsetenesta.

– Men journalane viser at samtalane helsepersonellet hadde med sonen min, dreia seg om blant anna sjølvdrap. Han fekk medisinar for å betre den psykiske tilstanden, i staden for hjelp. Så vart isolasjonen oppheva, og han hamna i vanleg varetekt der han kunne ta livet sitt, seier faren.

– Du skal ikkje miste ditt eige barn

Ifølgje VG viser fengselsjournalen at siste tilsyn med 22-åringen vart gjort klokka 19.15 - dagen etter klokka 09.00 vart han funne død på cella.

– At mitt eige barn hamna i same situasjon som eg har hatt og tek sitt eige liv, opplevast som om nokon riv ut hjartet av kroppen din. Du skal ikkje miste ditt eige barn, og det fins få ord som kan beskrive tankane, seier han.

Sjølv fortel faren at han føler eit ansvar.

– Eg har sjølvsagt tenkt at eg har ein del skuld sidan eg ikkje har vore der for han meir enn eg har vore, seier han.

Ville ha nye impulsar

Ifølgje faren flytta 22-åringen til Kristiansand for å få nye impulsar.

– Eg trefte han på permisjonar. Ein omtenksom, snill gut interessert i fiske, friluftsliv og data. Han trivdest verkeleg i Kristiansand og inviterte meg ned for å sjå på leiligheita han var stolt av å bu i. Det fekk eg aldri høve til, seier 50-åringen.

Sjølv er han usikker på motivet for drapet.

– Kombinasjonen av alkohol og medisinar må ha utløyst tilstanden som førte til at son min og kameraten vart sikta, seier han.

Omland meiner det er viktig at sonen sitt dødsfall kan føre til betre rutiner for å ta vare på menneske i fengsel.

Vil ha betre tilbod

– Eg veit at fengsel ikkje skal vere eit hotell, men dei fengselstilsette må kunne sjå og gje tilbod om behandling når nokon slit. Sjølv har eg vore alvorleg sjuk her på Ila og sagt «at eg forstår kvifor nokon vil døy», fortel han.

– Då vart det sett i gang eit stort fagleg støtteapparat for å hjelpe meg. Son min var i eit lite fengsel der ein i alle fall ikkje skal kommunisere så dårleg at folk døyr. Kan skjebnen hans bidra til endring, er vi eit skritt vidare, seier faren til avisa.

Assisterande fengselsleiar, oddmund Egeland, i Arendal fengsel vil ikkje kommentere saka så lenge den er under behandling, skriv VG.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
NRK Forklarer: Baneheia-saken 01:05
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,31 kr
Dyrest kl. 08 1,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 5,7 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,4 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %