– Eg elskar det eg ser og det er veldig imponerande. Det ser ut som Island, seier Petra Arens Lang frå Tyskland.
Ho er i Noreg for første gong og har stoppa på Suleskarvegen, som for få dagar sidan vart opna etter å ha vore vinterstengd.
Lang seier ho ikkje hadde forventa å få sjå så mykje snø på begge sider av vegen.
– Det er veldig fint å få sjå dette, seier ho.
Petra Arens Lang frå Tyskland elskar turen over Suleskarveien.
Foto: Leif Dalen / NRKViktig for Setesdal
Opninga av Suleskarvegen, som gjer at det blir kortare frå aust til vest, er viktig for turismen i Setesdal.
– Det betyr veldig mykje. Når han opnar, er det som å opne slusa for turistar – og lokale som ønskjer seg ein spektakulær tur over fjellet, seier Roy Bakke.
Han er rådgivar for reiseliv i Visit Setesdal.
Ifølgje Bakke er mange av turistane på veg til eller frå Vestlandet.
No er han veldig spent på sommaren som ligg føre og er optimistisk.
– Vi forventar faktisk ein veldig god sommar. For utlendingar så er det jo billigare i Noreg no på grunn av kronekursen. Og på grunn av dyr Euro, forventar vi at mange nordmenn vil feriere i eige land.
Bakke nemner også nye anløp av ferjer i Kristiansand. Han trur dei også vil sjå effekt av det i Setesdal.
Roy Bakke i Visit Setesdal har tru på ein god sommar.
Foto: Leif Dalen / NRKHotellsjef ved Sølvgarden Hotell og Feriesenter Torfinn Rysstad, seier det ser veldig bra ut med tanke på bestillingar.
– Vi har ein auke på 10 til 12 prosent frå i fjor.
Han trur mange som kjem til Setesdal er ute etter natur og kultur, og seier det er mange som får seg ei overrasking når dei kjem dit, også nordmenn.
– Regionen er som ei lita gøymd perle for mange. Det snakkast om dei høge fjella på begge sider av vegen og om gamle hus og stabbur på gardane, seier han.
Bubil på Riksvei 9 i Setesdal.
Foto: Leif Dalen / NRK– Gøy med brøytekantar
Jack Ferdinand Dønnestad og Glenn Marques har teke motorsykkelen fatt på sin ferd over Suleskarvegen.
– Dette er heilt topp. Det er jo litt gøy med brøytekantar, seier Marques.
Chantal Gitton og Caron Ridira kom til Noreg med ferje og har stoppa ved Reiårsfossen like sør for Ose i Setesdal.
– Det er ein fin lyd og det er veldig vakkert.
Dei fortel at dei er på veg til fjordane på Vestlandet og at dei etter kvart skal heilt til Nordkapp.
Chantal Gitton og Caron Ridira liker både lyden og synet av Reiårsfossen i Setesdal.
Foto: Leif Dalen / NRK