Hopp til innhold

Kurtovic om ØIF-ankomsten: – Det var som å komme til ein kylling-gard

ØIF Arendal-trenar Marinko Kurtovic merka godt at han tok over ein klubb i motgang då han vart trenar i klubben i vår.

ØIF Arendal-trenar Marinko Kurtovic merka godt at han tok over ei spelargruppe i motgang då han vart trenar i klubben i vår.

Sjå intervju med Marinko Kurtovic. (Foto: Per-Kåre Sandbakk/NRK)

– Skal eg vere ærleg var det som å komme til ein liten kylling-gard. Det inneber at det var fleire leirar med tre mann her og fire mann der. Dei var veldig såra, fortel Kurtovic om sitt første møte med ØIF-spelarane som trenar.

Marinko Kurtovic, Svenn Erik Medhus og Kenny Ekman

Kurtovic saman med keeper Svenn Erik Medhus og Kenny Ekman på måndagens trening.

Foto: Sander Heggheim/NRK
Marinko Kurtovic skriv under

Kurtovic skreiv under kontrakt med ØIF i februar, men tok først over klubben i juni.

Foto: Sander Heggheim/NRK

Førre sesong skulle bli sesongen der arendalittane endeleg skulle sikre seg ein tittel. Klubben dekte opp til fest allereie før sesongstart og hadde eit klart mål om å vinne serie, cup eller sluttspel.

I staden enda det med botnkamp og tidleg cup-exit. Dei dårlege resultata gjorde også at Leif Gautestad fekk sparken som trenar.

Knallharde treningsøkter

No forsikrar Marinko Kurtovic om at spelargruppa er klar til serieopninga mot Bodø onsdag.

– Eg tykkjer at spelargruppa er enormt god per dags dato. Alle veit at når det går bra, så går det bra. Når det går dårleg blir det fort litt murring. Vi håpar at samhaldet vi har bygd opp, og med dei nye spelarane, at det blir riktig bra til slutt, seier Kurtovic.

I tillegg til ei spelargruppe i motgang merka den nye trenaren at den fysiske tilstanden i gruppa ikkje var god.

– Det var vel ikkje på topp hos alle. På nokon var den bra, men det kunne klart ha vore betre. Nokon var dårleg. Alle idrettsutøvarar er ansvarlege for sin eigen fysikk og nokon kunne kanskje ha gjort ein betre jobb, seier han.

Då han tok over ØIF-skuta gav han beskjed om at oppkøyringa til ein ny sesong kom til å bli hard. Den vart knallhard.

– Det har vore steintøft for dei. Men dei har vore budde på det og dei har verkeleg trena som galne, seier Kurtovic.

Marinko Kurtovic, ØIF Arendal

Marinko Kurtovic har tru på ein god sesong med ØIF Arendal.

Foto: Sander Heggheim/NRK

Siktar mot topp fire

Det gjer den svensk-kroatiske trenaren særs optimistisk med tanke på ein ny sesong. Klubben har som mål å bli blant dei fire beste.

– Det er eit ganske hårete mål for ein klubb som vart nummer åtte i fjor. Samstundes veit ein at om ein skal nå målet må alle opptre som 24 timars utøvarar. Det held ikkje med det du gjer på treningsbana. Du må legge inn ekstra økter sjølv, tenke over kva du et og du må få nok søvn, seier han.

– Det er mykje som skal stemme om du skal opp i toppen. Vi har sett ei felles målsetning, men eg ynskjer endå høgare opp, seier Kurtovic.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,6 kr
Dyrest kl. 18 1,95 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %