NRK Meny
Normal

– Solskjær vil hente Kleiven

Ole Gunnar Solskjær blir truleg ny Molde-trenar. På ønskelista står Start-spelar Christer Kleiven.

Christer Kleiven

TIL MOLDE? Christer Kleiven står på ynskjelista til Ole Gunnar Solskjær, ifølgje Dagbladet.

Foto: Schrøder, Tor Erik / Scanpix

Ifølgje Dagbladet skal den tidlegare Manchester United-spissen har bede klubben om sikre seg ei rekkje spelarar før han tek over som trenar.

Her er ynskjelista:

  • Joshua King (Manchester United)
  • Magnus Wolf Eikrem (Manchester United)
  • Kara Mbjodi (Tromsø)
  • Jonathan Parr (Aalesund)
  • Christer Kleiven (Start)
  • Even Hovland (Sogndal)
  • Tarik Elyounoussi (Herenveen)
  • Bjørn Helge Riise (Fulham)
  • Tore Reginiussen (Schalke 04)

Ifølgje avisa har Solskjær sett som krav at spelarstallen skal vere så sterk at laget kan vere ein reell utfordrar til eliteseriegull neste sesong, dersom han skal bli trenar i klubben.

Kjell Inge Røkke skal ha sagt seg villeg til å finansiere spelarkjøpa.