I dag starta Noregs største jazz- og bluesfestival Canal Street i Arendal.
Blant glade festivalgåarar var også Åmli-artist Jonas Aslaksen til stades. Aslaksen som er betre kjent under artistnamnet Jonas Alaska, var tilbake der det heile starta for sju år sidan.
To år før han gav ut si debutplate i 2011, spelte han på hovudscenen på Canal Street. Han skryt av festivalen.
– Dei har alltid hatt trua på meg og pusha meg, noko eg set veldig stor pris på.
Brukar spesielle arenaer
Ein av Canal Street sine kjenneteikn er bruken av spesielle arenaer. Fyrjazz på Lille Torungen, badeblues og plaskejazz i Merdø uthavn, bohemjazz på ferjestaden Kolbjørnsvik og «Føling på fyllinga» på Heftingsdalen renovasjonsanlegg er nokre dømer på dette.
Den årlege fyrkonserten måtte i år flyttast til Merdø grunna regnvêr. Det gjorde ingenting for Aslaksen, som følte seg meir som i heimlege trakter.
– Personleg er eg ganske glad for at konserten vart flytta, det er ikkje så mykje vind her. Eigentleg så liknar det litt på Åmli, så eg er kjempenøgd!
– Canal Street gav meg motivasjon
Canal Street har vore ein viktig del av artistkarrieren til Jonas Alaska.
– Canal Street har betydd mykje for meg. Då eg spelte her i 2009 var det på ein måte min første konsert, og det at dei hadde trua på meg og hadde meg på hovudscena gav meg motivasjon. Eg har også lært ein del av alle gongane eg har spelt her.
Festivalen Canal Street varar frå 27. til 30. juli.
Sjå reportasje frå Canal Street og intervju med Jonas Alaska øvst i saka.