Hopp til innhold

– Skuffande at folk kjøper ferske reker

WWF Norge si åtvaring mot å kjøpe ferske reker har ikkje ført til mindre sal.

Reker

Åtvaringa frå WWF Norge om å ikkje kjøpe ferske reker har ikkje ført til mindre sal.

Foto: Junge, Heiko / NTB scanpix

– Det er skuffande at det ikkje har gitt direkte respons. Men utifrå mengda av informasjon og ulike meiningar forstår eg at det er vanskeleg for forbrukarane å ta ut eitt klart råd og halde seg til det, seier fagsjef i WWF Norge, Arild Skedsmo til NRK.

Arild Skedsmo

Arild Skedsmo er fagsjef i WWF Norge.

Foto: Katrine Gjærum/WWF-Norge

I juni kom nyheita om at natur- og miljøorganisasjonen sette ferske reker på raud liste.

WWF ba folk om å la vere å kjøpe ferske reker i Skagerrak og Nordsjøen fordi dei meiner at rekefisket er dårleg forvalta.

Sel reker som aldri før

Ei ringerunde NRK har gjort til ei rekkje fiskeutsal langs skagerrakkysten, viser at salet ikkje har blitt påverka av åtvaringa.

– Vi har i grunnen ikkje merka nokon skilnad frå fjoråret. Vi sel like mykje i år, sa Freddy Larsen, innehavar av Fiskebrygga i Arendal, til NRK tidlegare torsdag.

Fagsjefen i WWF Norge trur likevel at åtvaringane frå organisasjonen har sett spor.

– Vi hadde sjølvsagt ynskt at fleire skulle respondere på vår åtvaring. Vi trur uansett at dette har hatt ein viktig effekt. Både med tanke på bevisstgjering av forbrukarane og ikkje minst dei som er ansvarlege for forvaltninga av rekefisket, seier Skedsmo.

Vil vurdere åtvaring på nytt

Tidlegare denne veka kasta også fiskeriminister Elisabeth Aspaker seg inn i rekedebatten. Ho avbles «rekekrisa» og sa at nordmenn kan ete reker med godt samvit.

– Eg ser ingen grunn til å ta rekekosen ifrå folk, sa statsråden til NRK.

Samstundes fortalde ho at det skal utarbeidast ein forvaltningsplan for rekefiske. Det er fin musikk i øyra til WWF Norge.

– Dette kjem vi til å følgje tett, seier han.

Han understrekar samstundes at miljøorganisasjonen står fast ved åtvaringa mot å ete ferske reker frå Skagerrak og Nordsjøen.

– Så får vi vurdere det på nytt att neste år, og sjå om forvaltninga har teke grep, og ministeren har følgt opp. Vårt mål er ikkje at folk ikkje skal få ferske reker. Snarare tvert imot. Vi ynskjer at folk skal få ferske reker i lang tid framover, seier han.

Aspaker

Fiskeriminister Elisabeth Aspaker var på Sørlandet denne veka og avbles «rekekrisa».

Foto: Nina Eilertsen/NRK

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 04 1,61 kr
Dyrest kl. 07 3,12 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,4 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %