Hopp til innhold

– Sentrum må i verste fall flyttast

Støy frå skytefelta til forsvaret på Evjemoen gjer det umogleg for kommunen å utvide sentrum sørover. Ordføraren i Evje og Hornnes, Bjørn Ropstad, meiner ei løysing kan vere å flytte heile sentrum.

Evjemoen

EVJEMOEN: Skytebanene på Evjemoen skapar konflikt på Evje. Ordføraren meiner kommunen kan måtte flytte sentrum dersom støyen frå skytebanene ikkje vert redusert. (Arkivfoto)

Bjørn Ropstad, ordfører i Evje og Hornnes

Bjørn Ropstad

Foto: Svein Sundsdal / NRK

– Vi har tre alternativ. Anten må vi stoppe utvikling i Evje sentrum, anten må forsvaret vekk, eller dei må betale for støydempande tiltak slik at støyen vert redusert i sentrum, seier Ropstad til NRK.no.

Støykart viser at Evje sentrum ligg i «raud sone», noko som betyr for mykje støy. Utrekningar frå Forsvaret antyder at støydempande tiltak kan koste opp mot 200 millionar kroner.

Må redusere støyen

– Den kostnaden må forsvaret ta dersom dei framleis skal vere på Evje, seier ordføraren.

Militærleiren vart etabler på Evjemoen så tidleg som i 1912. I ei årrekkje har altså forsvar og kommune levd side om side. Forsvarsleiren er no lagt ned, men skytefelta vert framleis hyppig brukt.

– Anten må støyen reduserast slik at sentrum ikkje ligg i den raude sona, ellers må bygga som ligg innanfor den raude sona forsterkast med støydempande tiltak. Slik situasjonen er i dag kan vi ikkje leve med, seier Ropstad.

Evjemoen skytebane

SKYTEBANE: Skytebanene på Evje vert hyppig brukt. (Arkivfoto)

Foto: Svein Sundsdal / NRK

Naboklager

Forsvaret, som eig Evjemoen, trur utbyggjing av sentrum sørover mot den tidlegare militærleiren vil føre til naboklager. Ei flytting av skytebanene er heller ikkje uproblematisk.

– Total flytting av skytebanene vil medføre miljøkrav og opprydding av miljøforureining etter eksisterande skytebaner. Der har du og problemstillinga rundt kva kommunen vil gjere med sivile lag og klubbar, seier senioringeniør i Forsvarsbygg, Øivind Pettersen.

Han meiner ordføraren er vel dramatisk når han tek til ordet for å flytte Evje sentrum.

– Dramatisk

– Det er vel dramatisk tykkjer eg. Vi er i ein saksmessig prosess, der siste ord ikkje er sagt, seier han.

Ordføraren i kommunen har allereie sendt brev til forsvarsminister Grete Faremo.

– Eg kjem ytterlegare til å forsterke det inn mot våre stortingspolitikarar, seier han.

– Det har vore klare fordelar med at dei har vore her, med tanke på landsskyttarstemne og ein del andre ting. Difor har vi vore møtekommande i forhold til aktivitet, men vi kan ikkje leve med ei slik konflikt. Då må vi setje i verk tiltak, seier Ropstad.

– Ikkje uvennskap

– Dersom forsvaret investerer millionar her, i forhold til å fjerne den røde sona frå sentrum, går dette bra, seier ordføraren.

Øivind Pettersen i Forsvarsbygg tek dei heile med ro.

– Slik er demokratiet. Han kan jo gå sin politiske veg. Her er det ikkje uvennskap. Her er det saklege utfordringa som vi må prøve å løyse, seier Pettersen.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 15 1,62 kr
Dyrest kl. 08 2,15 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,7 kr 25 min.
  • Dusje 6,4 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %