Hopp til innhold

– Send pengar, så får eg søstra di ut av fengsel

Familien til narkotikadømde Rita Grimestad (51) har fått ei rekkje førespurnader frå advokatar i Ecuador som lovar å få ho ut av fengsel.

Rita Grimestad

Rita Grimestad har fått sin endelege dom i Ecuador. Ho er dømd til ti års fengsel for narkotikasmugling.

Foto: Maren Kateraas

– Advokatar prøver å kapre fangane. Dei går sjølv inn i fengselet for å overtale fangar til å skrive under ei avtale, fortel Berit Grimestad til NRK.

Ho er søstra til den narkotikadømde bestemora som sit fengsla i Ecuador.

Onsdag kveld vart sørlendingen dømd til 10 års fengsel for å ha smugla tre kilo kokain. Saka vart behandla i den høgste rettsinstansen utan Grimestad tilstades. Dommen er rettskraftig.

Heime på Sørlandet venta familien hennar spent på dommen onsdag. Det siste året har også familien fått ei rekkje telefonar og e-postar frå advokatar i landet som lovar å få ho ut av fengsel.

Lovar frifinning

– Fleire advokatar har teke kontakt med e-post og telefon. Dei seier at det ikkje er noko problem å få ho ut. Dei ber om at vi overfører så og så mange tusen dollar, seier ho.

Etter det NRK kjenner til skal det dreie seg om beløp kring 100 000 norske kroner.

Til no har dei takka høffeleg nei.

– Vi er jo ikkje mangemillionærar. Vi veit jo sjølv korleis det er der. Startar du å overføre skal dei ha meir. Det er korrupsjon alt saman der nede. Vi kan ikkje stole på nokon, hevdar Berit Grimestad.

Rita Grimestad i fengslet

Rita Grimestad sit fengsla i hovudstaden Quito i Ecuador.

Foto: Maren Kateraas

Hevda ho skulle frakte dokument

Det var i februar 2014 at sørlendingen vart pågripen med tre kilo kokain på ein flyplassen Mariscal Sucre i hovudstaden Quito i Ecuador. 51-åringen har heile tida hevda at ho vart lurt trill rundt til å smugle narkotika.

Kvinna har forklart at ho reiste til Ecuador for å møte ein mann ho hadde snakka med på internett i to år.

I avhøyr har ho sagt at ho skulle frakte nokre dokument frå Ecuador til Spania. I kofferten ho fekk overlevert var det altså tre kilo kokain.

Berit Grimestad har knapt snakka med søstera det siste året.

– Det er veldig vanskeleg å få tak i ho. Dette er ikkje lett for oss. Eg unnar ingen å komme opp i noko slikt, seier ho.

Nils Anders Grønås

Kvinna sin norske advokat Nils Anders Grønås.

Foto: Per-Kåre Sandbakk/NRK

No er familien letta over at dommen på ti år er endeleg. Det betyr nemleg at dei kan starte prosessen med soningsoverføring til Norge.

Fryktar for livet

– Om det tek eitt, to eller tre år spelar inga rolle. Eg veit ikkje om ho overlever der nede i ti år. Vi må få ho heim og skal gjere alt vi kan for å få til det, seier ho.

Ifølgje Grimestad sin norske advokat, Nils Anders Grønås, startar prosessen med ei soningsoverføring i løpet av nokre få dagar.

I den siste runda i retten var sakshandsamingsfeil tema. Grimestad har mellom anna ikkje fått tolk. Det skal ha blitt brukt Google Translate til å oversette forklaringa hennar i avhøyr.

– Vi fekk ein liten test i dei to andre rettsinstansane. Det viste seg igjen at denne type rettar ikkje er så viktige. I veldig mange andre land ville desse openbare sakshandsamingsfeila ha ført til oppheving av dommen, seier han.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 15 1,62 kr
Dyrest kl. 08 2,15 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %